Det er no klart at Førde har blitt kåra til den beste langrennsklubben i Norge. Dette er ei utmerking som leiinga i klubben har blitt orientert om av Norges Skiforbund, men den høgtidelege utmerkinga vil først skje på Gardermoen i oktober.

Oslo-klubb i fjor

– Vi har fått kunngjort avgjerda og er sjølvsagt veldig stolte. Det er første gong ein klubb frå Sogn og Fjordane får ei slik utmerking, og med tanke på at det var storklubben Kjelsås i Oslo som fekk denne utmerkinga i fjor, så må vi ha gjort noko riktig når vi får prisen i år, seier Arne Helgheim som har leia langrennsmiljøet i Førde dei fem siste åra.

– Ei slik utmerking skuldast at vi har vore gode på nokre område over tid. Både når det gjeld tal aktive i klubben, tal arrangement og ikkje minst total-kompetanse i klubben, er nok element som det er lagt vekt på, seier Helgheim.

Stor klubb

Helgheim viser til at dei har litt over 300 aktive registrert i klubben.

– Og det betyr sjølvsagt mykje at vi har vore svært gode på rekruttering og har eit godt tilslag med dei yngste utøvarane. Og gjennom hyppige karusellrenn, så har vi fått til ei svært god rekruttering, seier leiaren og viser til at dei i siste sesong arrangerte totalt 11 renn.

– Vi hadde då seks karusellrenn og fem renn som hadde status som krins- eller nasjonalt renn. Dessutan har vi eit 20-tals trenarar i klubben, og tre personar som har status som teknisk delegerte, seier Helgheim og ser at kontinuitet har betydd mykje.

– Vi har hatt veldig god kontinuitet dei siste sju-åtte åra, og det betyr utruleg mykje at vi har ein god og solid stab på mange område i gruppa. Det betyr at det er mange som tek eit tak, og som når vi får denne påskjønninga må kjenne at denne prisen er noko vi får for deira innsats, seier Helgheim.

Rulleski-anlegg kjem

Utdelinga av prisen som årets langrennsklubb i Norge vil skje under haustmøtet til Norges Skiforbund på Gardermoen i oktober.

– Slik eg har forstått det, så er det ikkje snakk om noko pengepremie til klubben. Men vi får eit synleg bevis på at vi har gjort ein god jobb over tid. Og eg håpar denne påskjønninga vil vere ein spore til ekstra innsats i tida framover. Vi har mange planar for klubbens utvikling, og ser mellom anna fram til at rulleskianlegget på Langeland skal stå ferdig neste år. Så vi kan ikkje kvile på laurbæra for lenge. Men det er sjølvsagt veldig kjekt å få denne statusen, og tilbakemeldingane frå langrennsmiljøet rundt omkring har vore mange og positive, seier Helgheim som vart kunngjort avgjerda fredag ettermiddag.

– Det er jo ganske flott at Førde il Langrenn er best i Norge. Det er slikt som varmar, smiler Helgheim.