Han reiser heim med to VM-gull og eit sølv. – Det er stort

MEDALJEGROSSIST: Jon Rolf Skamo Hope reiser frå Sveits med tre medaljar. Eit gull og ein sølvmedalje i individuelle øvingar, og eit stafettgull.

MEDALJEGROSSIST: Jon Rolf Skamo Hope reiser frå Sveits med tre medaljar. Eit gull og ein sølvmedalje i individuelle øvingar, og eit stafettgull. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HYEN: Jon Rolf Skamo Hope reiste til Sveits med håp om ein individuell medalje. Han infridde til dei grader.

DEL

– Eg såg fort at dei andre landa hadde sett sine sterkaste kort på mi etappe, så eg er glad for at eg hadde full klaff i dag, seier Jon Rolf Skamo Hope (19).

Han fekk difor alt anna enn lett motstand på si etappe, av stafetten der han og Norge sikra gull – på meisterskapens siste dag.

Høg fart på etappen

I tillegg til at motstandarane var sterke, fortel han at det også vart gått i eit forrykande tempo i klassisksporet.

Skamo Hope gjekk Norge si andre etappe, og hadde i tillegg til å halde farten ei luke på vel ti sekund å tette, for at Norge skulle henge med i teten.

Han lurte først på om han skulle forsøke å tette luka i eit magedrag, eller om han skulle gå jamnt på, og spare krefter til slutten. Han gjekk for det siste, noko han er svært glad for.

– Eg følte meg bra, seier Skamo Hope, som veksla først på etappen, takka vere eit solid rykk i Klæbo-stil, i den siste langbakken før veksling.

Der parkerte han russiske Sergey Ardashev etter at Russaren først hadde henta han inn. Ardadshev var same mann som Skamo Hope hadde sekundkamp med undervegs i 10-kilometeren der han sikra sitt første individuelle gull i meisterskapen.

– Det var berre å kline til på slutten. Eg er glad eg greidde det, for eg trur det var ei viktig etappe med tanke på sigeren, seier Skamo Hope.

Måtte mobilisere

Under junior-VM i fjor var Skamo Hope med på stafettlaget som tok gull. Når han gjekk inn i årets meisterskap, var det individuell medalje som var det store målet, og på favorittøvinga lukkast han, og tok gull.

– Eg vart utruleg letta, og kjende fleire kilo rase av skuldrene. Det var alfa omega at eg lukkast på favorittøvinga, og at eg gjekk mitt livs løp den dagen, seier Hyen-løparen.

Derifrå tok han sølv på duatlonen, men også dei andre norske hadde ein solid medaljefangst i Sveits. Hyaren fortel at det kanskje difor var ein litt «mett» gjeng som starta stafettdagen.

Men den kjensla, den måtte dei fort riste av seg, for dei andre nasjonane – dei var revansjelystne.

– Vi måtte berre mobilisere for å hente ut det vi hadde i dag også. Fem kilometer er kort, og det krev høg fart, seier Skamo Hope.

Stor medaljefangst

No kan han sjå tilbake på eit eventyrleg meisterskap, og gler seg til å komme tilbake til Norge. Han og resten av landslaget reiser søndag morgon.

– Det er sjølvsagt kjekt å vere her, men det er ikkje akkurat avslappande, seier Skamo Hope og ler.

Sambygdingane i Hyen har følgt han tett gjennom meisterskapen, og han håpar å kunne vitje heimplassen ein gong i februar, men det er framleis mange skiløp han må gå før han får heilt fri.

Då hjelper det på å kunne reise frå sveits med to gull og ein sølvmedalje. Med andre ord: Medalje i tre av fire moglege konkurransar.

– Det er stort. Det er ikkje mange som har eit individuelt gull i junior-VM, så det er kjekt å ha med seg tilbake i bagasjen, seier 19-åringen.

Artikkeltags