Sprintaren har blitt milslukar

Gjøran Tefre med det synlege beviset på at han er beste U23-løpar i Norge dette året. På dagens NM-femmil vart han nummer 9.

Gjøran Tefre med det synlege beviset på at han er beste U23-løpar i Norge dette året. På dagens NM-femmil vart han nummer 9. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

LANGRENN: Han avslutta raskare enn Martin Johnsrud Sundby i NM

DEL

Førde-løparen Gjøran Tefre vart nummer ni i dagens NM over 50 kilometer på Gålå, og sikra seg også tittelen som beste løpar i U23 denne sesongen.

– Ja, dette var ei god avslutning. Og ekstra godt å oppleve dei gode sekunderingane eg fekk på slutten. Då tok eg også igjen VM-løpar Didrik Tønseth og gjekk rett frå han, smiler Tefre etter at han har henta tittelen som beste løpar i landet under 23 år.

Best i U23

– Når U23-VM gjekk i vasken for min del, så var det godt å få denne tittelen i dag. Sesongen var jo litt varierande i starten grunna sjukdom, men no på slutten så har det godt ganske bra. Og sjølv om eg så langt har hatt dei beste plasseringane mine på korte løp, så veit eg sjølv at eg har ein bra terskel, og kan halde tempoet oppe ganske lenge. I fjor gjekk eg på ein smell på dei siste kilometrane på femmila, men i dag heldt eg heilt inn, seier Tefre.

Betre enn vinnaren

Faktisk var avslutninga hans i dag betre enn NM-vinnar Martin Johnsrud Sundby, og på dei siste kilometrane passerte førdianaren kjende toppløparar som Sjur Røthe, Didrik Tønseth og Eirik Brandsdal på lista.

– Eg gjekk litt roleg ut, og på dei første to mila så var eg blant dei 25 beste. Men på slutten avanserte eg ganske godt på resultatlista, seier Tefre som i løpet totalt vart nummer elleve. Men dei to svenske løparane Anders Södergren og Daniel Richardsson, som begge kom rett føre han på lista, tel ikkje med i NM-konkurransen.

– Kjekt å avslutte sesongen med ei skikkeleg femmil. No gjekk eg også ganske bra på Birkebeinerrennet for 14 dagar sidan, og vart totalt nummer 30 der. Og i klassa mi vart eg då nummer to. Så det kan kanskje tyde på at eg er i ferd med å bli ein milslukar, ja, ler Tefre før han hastar vidare etter premieutdelinga.

I tet

Ringreven André Haugsbø frå Gaular gjekk ut på femmila på eit tidleg startnummer, og var lenge i føringa. Men etter kvart som dei beste løparane passerte mål, måtte veteranen sjå at det til slutt vart ein 39.-plass. Førde-løparen Torstein Bu vart nummer 61, medan sogningen Mads Bjørnar Leirdal vart nummer 80. Edvard Grut Andersen frå Syril vart nummer 104, medan nordfjordingen Reinar Aaland i si første femmil vart nummer 120. Jacob Meløy frå Hafslo vart nummer 144.

Artikkeltags