– Dette var ei fantastisk oppleving. Skikkeleg morosamt, seier langrennsløpar Gjøran Tefre (20) etter at han i helga deltok på Blinkfestivalen på rulleski.
Og det var ikkje berre det at Tefre deltok. Han var absolutt med og prega konkurransane. Aller best gjekk det laurdag då sprintkonkurransen vart arrangert. Tefre var suveren i prologen, men han gav seg ikkje før han var komen til finalen.
Duell mot verdas beste
I finalen stod han på startstreken saman med blant andre Petter Northug jr. og Calle Hafvarsson.
– At eg gjekk mot løparar som eg ser opp til gløymde eg heilt medan konkurransane pågjekk, seier 20-åringen. Og det var tydeleg at respekten var lagt igjen heime. Tefre drog store delar av finalen, men vart akkurat passert på innsida av svenske Halfvarsson før oppløpet.
– Det var den einaste feilen eg gjorde heile helga, seier Tefre som til slutt var nummer tre i mål. Northug jr. vart nummer seks.
– Det er jo heilt surrealistisk å vere vel så god som desse langrennsløparane. Sindre Bjørnstad Skar, som vart nummer to, er den raskaste løparen eg veit om. I tillegg er jo Halfvarsson den beste i Sverige, seier Tefre.
– Kven er du?
Og det at ein ukjend førdianar plutseleg kjem og yppar seg mot verdseliten i langrenn var sjølvsagt lagt merkje til.
– Mellom anna kom Øystein Pettersen og Eirik Brandsdal bort til meg og spurte «kven er du?». Nei, dette var skikkeleg kult, seier Tefre.
I tillegg til tredjeplassen i sprint, deltok Tefre på fellesstart over 15 kilometer. Han var med i teten heile vegen her også, men eit uheldig stavbrekk kort veg frå mål gjorde til at 20-åringen vart nummer 12.
Fleire lokale
Gjøran Tefre var ikkje den einaste frå Førde som deltok på Blinkfestivalen. Det var også skiskyttarar til stades i Sandnes, og blant dei var Ole Martin Erdal og Karoline Erdal.
Ole Martin Erdal driv også med motbakkeløp, og motbakkeigenskapane fekk han brukt for i Lysebotn Opp. Her vart Erdal nummer 29, men slo for eksempel skiskyttarkongen Martin Fourcade og Petter Northug. I tillegg vart han nummer 24 i kvalifiseringa til fellesstarten i skiskyting.
Karoline Erdal gjekk inn til ein flott sjuandeplass klassen for damer 19/20 i Lysebotn Opp. I fellesstartkvalifiseringa kom 17-åringen på ein flott 11. plass.