Når syklistane i «Tour des Fjords» i morgon ettermiddag passerer Gaularfjellet og er på veg nedover Viksdalen, så vil dei suse forbi 13 spraylakkerte syklar på Flatheim.
– Vi hadde ti syklar på plass på tysdag. Men når vi har fått jobba litt til natt til onsdag, så skal vi ha tretten syklar på plass, seier Heidi Vallestad som saman med mannen Sigurd Årskaug har stått bak stuntet.
Henta i Førde
– Vi fann ut at vi måtte gjere noko som symboliserte sykkelrittet, og då var det nærliggande å hente fram alle syklane vi hadde. Men det viste seg at vi ikkje hadde mange nok, så då reiste vi like godt til Hesjedalen søppelanlegg i Førde for å sikre oss fleire. Vi køyrde sjølvsagt ikkje eins ærend for dette, og hadde med oss noko søppel sjølv. Men på returen hadde vi faktisk åtte kilo meir enn kva vi køyrde inn med, ler Heidi Vallestad og ser ut på den flotte utstillinga.
– Vi tenkte at når vi no har fått ny fin asfalt, og i dag faktisk også fekk kvitstripe på vegen, så måtte vi gje noko tilbake. Og det kan godt hende at vi lar syklane stå ei stund etter rittet også. Viss ikkje vegvesenet krev dei fjerna då, seier Vallestad og har registrert at nymåla syklar har dukka opp mange plassar langs løypetraseen.
– Det er utruleg flott å sjå dei mange syklane som er henta fram og pynta med flagg og blomster. Tydeleg at det er mange som gler seg til rittet, seier Vallestad som bur på Flatheim på Hoffslåttene ved foten av Gaularfjellet.