Gå til sidens hovedinnhold

Knipent tap for Førde

Artikkelen er over 8 år gammel

Europacupen over for Førde sitt elitelag.

Etter 3-0 tapet i førre møte i Europacupen mot finske Etta Oulu, var det eit heiltent Førde som tok imot finnane i Førdehuset laurdag.

Og sjølv om Førde opna best og tok førstesettet, var det Etta Oulu som til slutt vann kampen 3-1. Ein kamp som utvikla seg til ein thriller av dei sjeldne.

- Det er bittesmå marginar her i kveld. På ein måte er det surt når det er så jamnt, men spelemessig så har vi heva oss utruleg mykje, seier Førde-trenar Frank Kalstad, og siktar til settsifra 25-23, 17-25, 27-29 og 24-26.

- Vi spelar det beste vi har gjort i år, men vi gjer ein del feil, og det er det som skil oss i dag, seier trenaren.

Også Etta Oulu-trenar Olli Kuoksa let seg imponere over Førde.

Kuoksa var først og fremst nøgd med å sigre 6-1 over Førde samanlagt, men let seg imponere av det Førde viste på heimebane.

- Dette er nok ein av dei beste kampane vi har spelt i år, og eg er imponert over måten Førde heng med i kampen, seier trenaren, som spesielt beit seg merke i innsatsen til Mathias Loftesnes og Geir Eithun.