Gå til sidens hovedinnhold

– Klokka mi stoppa, så eg hadde ikkje peiling på korleis eg låg an

Artikkelen er over 7 år gammel

Smadra norgesrekord utan å vite det.

Førdianaren Marius Vedvik hadde eit klart mål framfor dagens fem kilometer gateløp under Jølster Maraton, å setje ny norsk rekord på distansen.

– Kva vart tida mi? spurte Vedvik rett etter målgang.

Førdianaren blei klokka inn på 14.02 og knuste dermed den gamle rekorden med 26 sekund.

Klokka stoppa undervegs

– Eg er veldig fornøgd, dette var målet mitt, var Vedvik sin første kommentar i det han fekk høyre tida si.

– Klokka mi stoppa undervegs, så eg hadde ikkje peiling på korleis eg låg an. Men dette var kjekt, seier Vedvik, som kjempa mot syra medan han sprang langs Jølstravatnet.

– I motsetning til då eg spring på bane så måtte eg her gjere heile jobben sjølv. Det var veldig tungt og eg var tett opp mot syregrensa heile vegen, seier Vedvik.

Fin ramme

Det er ikkje ofte Marius Vedvik er med på lokale løp, men Jølster Maraton har blitt ein tradisjon for førdianaren.

– Det er kjekt å springe her då det alltid er mykje folk som lagar ei fin ramme. I dag var det også ekstra gøy sidan heile familien var samla, både besteforeldre, foreldre og søsken, seier Vedvik og er tydeleg fornøgd med dagens prestasjon.

Likevel ser han allereie framover.

– I dag sprang eg på 14.02, men no er målet å komme under 14, seier Vedvik som neste helg deltek på 3000 meter under eit friidrettsstemne i Manchester.

Kommentarer til denne saken