I juni vart 1150 tonn med sand frakta frå Danmark til Stavanger. I helga gjekk båtferda vidare nordover, og denne sanden blir no seks nye sandvolleyballbaner i Sunnfjord.
– Det vil komme fire nye baner i Hafstadparken i Førde, medan to baner vert laga til ved Sande stadion. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Førde kommune, Førde Volleyballklubb og Gaular IL, seier Jan Ove Hafstad i Førde Volleyballklubb.
Akkurat som sukker
Sanden som har komme til Sunnfjord, er ikkje noko kva som helst. Det er nemleg det same underlaget som vart nytta under World Tour-turneringa Stavanger Grand Slam i slutten av juni, der mellom anna førdianaren Geir Eithun deltok.
– Den turneringa gjekk midt i Stavanger sentrum, så vi visste at den skulle vekk. Gjennom kontaktar i firmaet Norstone i Sandnes har vi no fått denne sanden til Førde og Gaular, seier Hafstad om firmaet som tidlegare har levert kvalitetssand i området.
– Det er den same sanden som er i sandhallen på Vie og på nokre av banene ved Hafstad vidaregåande skule. Det er den beste sanden på marknaden, og den kjennast akkurat ut som sukker, seier Hafstad som skryt av dugnadsinnsatsen som har blitt lagt ned i høve dette prosjektet.
– Det er mange som har stilt opp for å få dette i stand. Dette har igjen gjort at vi fekk sanden til ein sterkt redusert pris sidan vi hadde folk klare til å ta i mot, seier Hafstad.
Godt samarbeid
Anita Eide Kvamme, som sit i styret i Gaular IL, seier at prosessen med dei to banene på Sande har pågått i om lag eitt år.
– Vi har jobba med å få på plass ballveggar og sandvolleyballbaner for å forbetre arealet rundt kunstgrasbana på Sande stadion. Det å få tak i sand er dyrt, difor er vi veldig glade for samarbeidet vi har hatt med Førde VBK, seier Eide Kvamme.