Gå til sidens hovedinnhold

Kim (17) siktar mot seniorkrinsrekorden i stav

Artikkelen er over 15 år gammel

Som stavhoppar er Kim Leirvik einsleg svale i Sogn og Fjordane. Likevel drøymer svelgensaren både om seniorkrinsrekord og NM-deltaking til sommaren.

Då Kim Leirvik var eitt år gammal, svinga stryningen Knut Magne Mork seg over 3,79 og sette juniorkrinsrekord i stav.

Først i fjor sommar - 16 år seinare - vart rekorden sletta, og då var det Leirvik sin tur. Den nye rekorden er på 3,81. Men truleg ikkje veldig lenge, om 17-åringen får bestemme.

- Seniorrekorden er derimot eldre, og sjølvsagt eit mål for meg. Men det kjem an på kor mykje eg får hoppa, meiner Leirvik.

Rekorden han siktar til er frå 1975. Den gongen smaug florøværingen Edgar Bjørnseth seg over 4,40.

Men no er det lenge sidan Leirvik har fått trent skikkeleg på stav. Forholda for denne idretten ligg nemleg ikkje veldig godt til rette.

- Det er eit problem å få hoppa nok. Det er madrass i Florø, men eg kan ikkje hoppe inne der, så eg må vente til våren. Elles må eg til Bergen, forklarer svelgensaren.

- Eg kunne tenkje meg fleire stavkonkurransar. Men det er ingen som satsar på det i Sogn og Fjordane, og difor må eg ut av fylket for å konkurrere, seier han.

Les meir i avisa.