For 17. gang vart Jølster Rundt arrangert - då syklistane i dag trakka seg igjennom den 90 kilometer lange traseen.

Først i mål kom ein Førde-trio etter to timar og sju minutt.

Thomas Grønfur, Kristian Tjønneland og Mikael Johansen, som har rekorden på rittet med tida 2.00.15, sykla saman over streken.

– Ville ha opp temperaturen

Men dei tre hadde ikkje følgje heile vegen, for då dei kom til Vassenden og skulle byrje på sørsida av Jølstravatnet, nytta ein av dei høve til å stikke.

Grønfur fekk raskt ei luke på om lag eit minutt i einmannsbrotet.

– Eg såg fort at eg fekk ei luke, men eg rekna med at Kristian og Mikael ville ta meg igjen etter kvart. Men det eg tenkte eg måtte gå til, for å skape litt liv i feltet, seier Grønfur og smiler.

Mista motivasjonen

Han er frå før kjend som ein aktiv triatlon-utøvar i Sunnfjord, og har blant anna delteke i fleire Iron man-konkurransar.

Men i vinter sa det stopp.

– Eg mista heilt motivasjonen i vinter, og skal ein drive med den typen trening, må ein gjere det 100 prosent. Så då selde eg like godt alt utstyret, seier Grønfur.

Men sjølv om utstyret var solgt, kom treningsinteressa sigande på igjen.

– I vinter fann eg ut at eg måtte ha ein sykkel, slik at eg kunne vere med på slike ritt som dette. Det er jo ein rein nytelse i slikt vêr. I dag var det moro, seier Grønfur.

Tidlegare proff

Ein av dei som var med på å kaste glans på rittet søndag, var tidlegare proffsyklist Mads Kaggestad. Han er også kjend frå Tv2 sine Tour de France-sendingar.

Søndag var han oppdressa i Måløy-drakt.

– Eg har vore med gjengen i Måløy å trene nokre økter, men dette er første rittet eg syklar saman med dei. Det var veldig moro, og det er jo eit nydeleg område, seier Kaggestad til Firda.

Rittleiar Stig Savland var godt nøgd med gjennomføringa av den 17. utgåva.

– Det har gått veldig bra. Deltakartalet (133 journ. anm.) kunne vore høgare, men vi har konkurrerande ritt i Hordaland, seier Savland, og held fram:

– Etter nokre år med eit par ulykker, hadde vi ikkje noko i år. Det er veldig gledeleg. Vi har jobba mykje for å unngå det. I tillegg viser vêret seg får si beste side, då blir det ein god dag, seier Savland.

Som følgje av arbeidet for å unngå ulykker og farlege situasjonar i trafikken hadde rittet start klokka 09.00 søndag.