Gå til sidens hovedinnhold

– Kan ikkje vere skuffa over dette

Artikkelen er over 6 år gammel

Førde sitt herrelag i volleyball stod overfor ei tøff utfordring laurdag. Då var regjerande seriemeister Nyborg på besøk i Førdehuset.

Før kampen var det få som levna Førde, som har mista mange spelarar frå førre sesong, dei store sjansane.

Og kampen enda med 3-0-siger til dei tilreisande frå Bergen.

– Ikkje skuffa

Men trass tapet spegla ikkje sigersmarginen kampen.

– Eg kan ikkje vere skuffa etter dagens kamp. Vi bestemte oss for å trykke til å sjå om vi kunne vere på høgde med dei. Det greier vi veldig godt i første settet, hadde vi greitt å ta det ville kampen ha blitt annleis, seier Førde-trenar Marcin Lubiejewski, han vart Førde sin toppscorar i kampen med 18 poeng.

For i første settet viste Førde glimt av gammal storheit. Dei retta seg opp og henta inn 23-19-leiinga Nyborg hadde skaffa seg. Og på stillinga 25-24 fekk Førde tre settballar, men dei greidde aldri å omsette dei i poeng.

I staden slo Nyborg tilbake å vann settet 29-27.

– Det var synd. Men i dag spelar vi med hjertet. Dette er ein mykje betre volleyballkamp enn då vi tapte 3-0 mot Randaberg. Det er viktig at dei som får sjansen i dag ikkje let seg skremme, seier Lubiejewski.

Spelar greitt

Ein av dei som har gjort sitt inntog på Førde-laget i år, er Torstein Husø frå Ålesund. Han har tilrive seg plassen som oppleggjar, og viste glimtvis mot Nyborg kva han har å by på.

– I dag spelar vi greitt, men vi er skuffa over at vi ikkje vinn kampen. Vi burde teke det første settet. For min eigen del har eg framleis mykje å gå på, men eg byrjer å finne meg til rette i klubben, seier Husø, som også tidlegare har spelt i Førde-drakta.

– Eg byrja å vere med på aldersbestemte lag her, medan eg gjekk på Topp Volley. Det gjekk til gjennom Bjarne Nikolai Huus, som eg gjekk på skule saman med, seier Husø.

Ny sjanse

For Førde sin del treng ikkje klubben vente lenge på moglegheita til å revansjere tapet mot Nyborg. Allereie neste helg er det nemleg ny kamp i Førdehuset mellom dei to. Då er premien ein semifinaleplass i cupen.

– Denne kampen viser at vi ikkje treng å vere redde før møtet med Nyborg. Vi kan bruke denne kampen til å få trua på at vi kan slå dei. No må vi berre jobbe godt den kommande veka, så får vi sjå kva som skjer, seier Lubiejewski.

Kommentarer til denne saken