Gå til sidens hovedinnhold

June stogga av overgangsrot

Artikkelen er over 10 år gammel

Handballjenta sin seriedebut for Byåsen lèt seg vente på seg.

– For meg er dette ein veldig kjedeleg situasjon. Eg veit ikkje kva som har hendt, og skal ikkje dele ut skuld. Men det er kjipt å hamne på sidelinja når du har trena heile sommaren og gledd deg til sesongopninga, seier Andenæs til Trønder-Avisa.

Bakgrunn: Klar for toppklubb

28-åringen frå Gloppen, mellom anna med fortid i Levanger HK, skreiv tidleg i august kontrakt med Byåsen, etter at dei to klubbane i sommar vart einige om ein overgong for kantspelar som fleire gonger har vore aktuell for landslaget.

Overgangsrot

No viser det seg imidlertid at dei signerte overgangspapira frå seljande klubb, Levanger, aldri har nådd Handballforbundet sine kontor i Oslo.

– Eg gjorde som eg har gjort i alle overgangssakene vi har hatt i klubben, og sende papira med vanleg postgang. Det har eg gjort ved internasjonale overganger samt no nyleg i ei rekke tilfelle med yngre spelarar, seier Hans Vist i Levanger Handballklubb.

Frå 1. juli endra NHF reglane. Før heldt det at ny klubb betalte overgangsgebyret. Då var det denne innbetalingsdatoen pluss 14 dagar karantene som gjaldt. No er det datoen NHF mottek papira som gjeld, pluss 14 dagar karantene.

Får ikkje spele

I denne saka vert konsekvensen at jenta frå Gloppen ikkje er speleklar før 13. september. Då har den nye klubben hennar, Byåsen, alt gjennomført årets tre første seriekampar.

– Det verste for oss er ikkje dei tre seriekampane June går glipp av, men det at ho misser verdifull kamptrening før mesterligakampane, seier Torbjørn Balstad i Byåsen.