June klar for Champions League

June Andenæs scora fem mål på to kampar for Byåsen i helga. Arkivfoto.

June Andenæs scora fem mål på to kampar for Byåsen i helga. Arkivfoto. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Vann begge kampane i helga.

DEL

June Andenæs frå Gloppen er klar for spel i Champions League med sitt lag Byåsen.

I helga vann dei 20–17 mot Metalurg Skopje og 27–22 mot Britterm Veseli Nad Moravou.

Andenæs scora det første målet til Byåsen i begge kampane, og ho hadde totalt fem mål på dei to kampane.

No ventar Champions League i haust i Trondheim. Det blir fire kampar i oktober og to i november mot FC Midtjylland (Danmark), Buducnost (Montenegro), Thüringer HC (Tyskland).

Dermed har Norge to lag i mesterligaen i handball for kvinner. Frå før er Larvik kvalifisert.

Artikkeltags