Jublar over Storehesten-suksess

DELTAKARREKORD: Det var reine folkehavet på toppen av Storehesten under innspurten på konkurranseklassane. Foto: Rune Fossum

DELTAKARREKORD: Det var reine folkehavet på toppen av Storehesten under innspurten på konkurranseklassane. Foto: Rune Fossum

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Om lag 1500 menneske tok turen til topps under Storehesten Opp.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

-Dette er så bra som det kan bli, seier motbakkegeneral Helge Kårstad.

Førebelse overslag syner at Storehesten Opp igjen har sett ein solid deltakarrekord: Over 1000 mosjonistar og over 250 løparar var med som registrerte - totalt om lag 1300 - og i tillegg skal det ha vore 250 uregistrerte menneske på toppen i løpet av arrangementet.

Den tidlegare rekorden vart sett i fjor, og var på 930 registrerte deltakarar.

-Eg hadde ikkje trudd at vi skulle passere 1000 deltakarar med så god margin, seier Kårstad.

-Det er fantastisk at vi på Vestlandet kan få til slike arrangement, legg han til.

Kårstad var eit einaste stort smil på toppen av Storehesten. Og han kunne ikkje få fullrost dei mange frivillige som stilte opp på dugnad.

Totalt var mellom 100 og 200 menneske i aksjon som funksjonærar under løpet.

PS: Det vart favorittsigrar både i herre- og dameklassen i NM. Motbakkekongen Jon Tvedt sprang i mål på 1.06,10 - berre to fattige sekund bak sin eigen løyperekord.

Anita Håkenstad Evertsen vann dameklassen på 1.20,32 - ei forbetring av den gamle løyperekorden med sju minutt.

Gloppens Merete Helgheim vart nummer tre i dameklassen. I herreklassen var André Haugsbø beste lokale løpar med ein åttandeplass.

Artikkeltags