No er ikkje stemninga like god: – Det er ikkje noko koseleg

Før avreise til Pyeongchang var det svært god stemning mellom assistenttrenar Ole Eskild Dahlstrøm og Jan Roger Klakegg. Etter laurdagens tap sit neppe smila like laust.

Før avreise til Pyeongchang var det svært god stemning mellom assistenttrenar Ole Eskild Dahlstrøm og Jan Roger Klakegg. Etter laurdagens tap sit neppe smila like laust. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

PARALYMPICS: Med jølstringen Jan Roger Klakegg på laget måtte Norge sjå seg slått av Italia. No vert vegen mot medalje veldig lang.

DEL

– Vi har blitt kjent som laget på den sure 4.-plassen. Vi har lyst på noko meir no, sa jølstringen Jan Roger Klakegg til Bergensavisen før avreise til Sør-Korea og Paralympics.

Noko meir enn 4.-plass er med andre ord medalje, men etter laurdagens tap i opningskampen er no vegen fram dit lang.

Etter full tid var stillinga mellom Norge og Italia 2-2, og med null scoringar i forlenginga, var det klart for straffeslagkonkurranse.

Her var det kun italienaren Nils Larch som klarte å få pucken i mål, og det var nok til at Italia vant opningskampen og tok to poeng. Norge fekk eitt poeng sidan det stod uavgjort etter ordinær tid.

Ifølge NRK var denne kampen omtala som den viktigaste kampen for Norge i gruppespelet. Dette sidan dei også skal møte Canada, laget som er storfavoritt til å vinne gruppa. Det er dei to beste lag som går vidare til sluttspelet.

– Det er tungt. Det er ikkje noko koseleg. Italia er eit hardt lag, det er alltid jamt når vi møtast og det blir aldri mange mål, men i denne kampen har vi for lite skot på mål. Det er ikkje bra nok, seier kaptein Loyd Remi Solberg til NRK.

Morten Værnes og Audun Bakke scora for Norge.

– No er vi i bakleksa, men vi har fått med oss eitt poeng, så vi kan framleis klare det. Men vi er kanskje avhengig av at Sverige overraskar mot Italia, meiner Solberg.

Artikkeltags