Tre lokale vektløftarar uttekne til nasjonal ungdoms- og juniorsamling

Artikkelen er over 1 år gammel

VEKTLØFTING: Nasjonal samling i vektløfting går av stabelen i Larvik 25. til 29. juni. To jenter og ein gut frå fylket er med.

DEL

Det er landslagssjef Jarleif Amdal som har kalla inn dei 12 beste utøvarane blant ungdom og junior til nasjonal samling i vektløfting, og tre av desse er altså frå Sogn og Fjordane.

Dette skriv leiar for region Nord-Vestlandet, Ola Bergheim i ei pressemelding.

Dei tre utvalde er Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda IL, Robert Andre Moldestad frå Breimsbygda IL og Oda Helene Sunde Svendsen frå Jølster IL. 

Dei uttekne er i praksis dei som er aktuelle for deltaking på Nordisk og eventuelt EM ungdom og junior til hausten.

Det er første gong at den unge vektløftargruppa i Jølster IL har løftar utteken på landslagsnivå for ungdom/junior. I tillegg til Tambarskjelvar som flaggskip på seniornivå, viser dette at det blir arbeidd godt på ungdoms- og juniorsida i fleire klubbar i regionen, skriv Bergheim i pressemeldinga.

Artikkeltags