Andreas (21) får på ny køyre europacup

EUROPACUP-KLAR: Andreas Strand (21) frå Jølster skal køyre slalåm i europacupen søndag og måndag.

EUROPACUP-KLAR: Andreas Strand (21) frå Jølster skal køyre slalåm i europacupen søndag og måndag. Foto:

Andreas Strand frå Jølster er utteken til Europacup. Søndag og måndag skal han køyre slalåmrenn i Frankrike.

DEL

21-åringen vart for første gong utteken i november i fjor, då han fekk køyre slalåm i Funäsdalen i Sverige. Dette er same disiplin som jølstringen kom på 5.-plass i under junior-NM førre sesong.

Søndag 5. januar og måndag 6. januar får han sjanse på ny å hevde seg i europacupen. Han skal då køyre slalåm desse dagane i franske Vaujany.

Andreas (20) klatra 23 plassar på tabellen: – Det redda dagen

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken