Ingen har vore så rask

Øyvind Strømmen Kjerpeset vann 100 meter på tida 10,73 i junior-NM fredag kveld.

Øyvind Strømmen Kjerpeset vann 100 meter på tida 10,73 i junior-NM fredag kveld. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Sette historisk sprintrekord i dag.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Øyvind Strømmen Kjerpeset sette nok ein gang ny krinrekord på 100 meter fredag kveld. Under junior-NM i Overhalla i Trøndelag suste Florø-løparen inn til tida 10,73, noko som er sju hundredelar betre enn hans personlege rekord. Dermed har Strømmen Kjerpeset, som eigentleg er 400 meter hekk-løpar, pressa 100-meterrekorden i Sogn og Fjordane ned frå 10,92 til 10,73 i løpet av ein kort sesong.

Strømmen Kjerpeset vann 100-meteren i junior-NM føre storfavoritten Nikolai Bjerkan.

To centimeter frå

Under meisterskapen vart det elles sølvmedalje til Marte Rygg Årdal frå Gloppen i slegge, som med 58,23 meter berre var to centimeter bak vinnaren Katja Vangsnes frå Sportsklubben Vidar.

Og dei to centimetrane vart også avgjerande for Vanessa Sunde Hoel sin del. Ho vart nummer to i kule, også ho berre to centimeter bak vinnaren, Frida Thorsås frå Urædd.

Førdianaren Marius Vedvik sikra fylket si fjerdje medalje på opningsdagen då han vart nummer tre på 5000 meter. Med tida 14,49 var han omtrent 26 sekund bak gullvinnaren, Vegard Ølstad frå Ren-Eng.

Artikkeltags