– Vi har hatt ei fantastisk helg igjen, to av ungdommane har blitt norgesmeistrar i dag, seier ein nøgd leiar i Hyllestad idrettslag sin biljardgruppe, Gjermund Flage.
Meisterskapet gjekk over to dagar, der det vart konkurrert om medaljar i både 8-ball og 10-ball. I dagens 10-ballkonkurranse tok Hyllestad-spelarar heim gullet i både dame- og herreklassen.
Katja Wolff (16) tok sitt første NM-gull, og slo ut lagvenninne Nina Torvund (16) i finalen.
Gard Eiken Flage (17) tok gullet i U19-klassen, og kunne dimed feire sin 7. NM-tittel.
– Det er litt konkurranse innanfor klubben om å ha flest NM-medaljar. Det var ekstra stas i dag, for no har han tangert rekorden, fortel gruppeleiaren, som og er far til juniorspelaren.
Han fortel vidare at ein sterk prestasjon i NM lover godt for uttakinga til landslaget, og NM i Nederland i sommar.
Desse tok medaljar for Hyllestad i helga:
Astrid Eiken Flage: Bronse, 10-ball
Katja Wolff: Gull, 10-ball. sølv, 8-ball
Nina Torvund: Sølv, 10-ball. Bronse, 8-ball
Eirik Tonning Hatløy: Bronse, 10-ball. Bronse, 8-ball.
Gard Eiken Flage: Gull, 10-ball. Sølv, 8-ball.
Stein Tore Nybakk: Bronse, 10-ball