På pallen i nyttårshopprennet

Anders Fannemel vart nummer tre i nyttårsrennet i Tyskland. Foto: Bendiksby, Terje
Artikkelen er over 1 år gammel
HOPP: Anders Fannemel fekk ein god start på 2018
Nordfjordingen Anders Fannemel låg på ein femteplass etter første omgang i nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen i den tysk-austerriske hoppveka måndag.
Men honndølen leverte eit bra hopp i andreomgang og hoppa seg oppover på lista.
Dermed klatra han inn på pallen, og vart beste nordmann med ein tredjeplass i rennet.
Rennet vart vunne av polske Kamil Stoch, tyske Richard Freitag vart nummer to.