Hoppa seg opp til femteplass

Anders Fannemel hoppa seg til ein 5.-plass under torsdagens VM-renn i storbakken i Lahti.

Anders Fannemel hoppa seg til ein 5.-plass under torsdagens VM-renn i storbakken i Lahti. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SKIHOPP: Honndølen Anders Fannemel vart nest beste nordmann i storbakken torsdag.

DEL

Anders Fannemel vart nest best av dei norske i torsdagens storbakke-renn i VM i Lahti, etter å ha sikra seg ein femteplass bak Andreas Stjernen.

Honndølen hoppa 123,5 meter i første omgang, som plasserte han på ein 10. plass før andre omgang starta. Der auka han til 126 meter, som førte han fem plassar opp på resultatlista.

Stefan Kraft frå Austerrike vann rennet, framfor tyske Andreas Wellinger og polske Piotr Zyla.

Artikkeltags