-Ho er eit unikt talent

Kristi Strømmen Kjerpeset imponerte både på korthekken og i lengdegropa under Florø Friidrettsfestival.

Kristi Strømmen Kjerpeset imponerte både på korthekken og i lengdegropa under Florø Friidrettsfestival. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Får skryt frå ein av landets fremste eksptertar.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

15 år gamle Kristi Strømmen Kjerpeset frå Florø imponerer med prestasjonar i landstoppen i både hekk og lengde. Og i samband med Florø Friidrettsfestival, fekk ho skryt av Eystein Enoksen. Han er professor ved Norges Idrettshøgskule, og er spesialist i coaching av friidrettsutøvarar.

-Kristi er Norges fremste talent i hekkeøvingane. Ho har aldersrekorden for 15-åringar, og i dag leverer ho eit svært godt løp mot seniorar. Og i lengde viser ho at ho er eit unikt talent. Sjølv om det framleis er mykje som kan bli betre, seier Enoksen etter å ha sett dei norske toppidrettsutøvarane i aktivitet under Florø Friidrettsfestival.

På 100 meter hekk fekk Strømmen Kjerpeset tida 14,40, noko som er godt under aldersrekorden for 17-åringar som Cecilie Rise sette i 1994. Og Kristi Strømmen Kjerpset er framleis berre 15 år!

Veslesøster

-Det var uvant å springe når hekkane er på seniorhøgde. Men eg er rimeleg godt nøgd, seier veslesøster til Øyvind Strømmen Kjerpeset. Ho følgjer dermed etter den seks år eldre broren sin, men førebels har ho fokus på dei litt meir eksplosive øvingane.

- Førebels er det snakk om korthekken for min del. Og hoppøvingar. Men vi veit jo aldri. Men i dag sleit eg litt med at eg fekk litt smerter i ryggen i lengdegropa. Difor stod eg over eit par hopp, seier Strømmen Kjerpeset som likevel rekordforbetra seg til 5,55 meter. Dermed er det berre 32 centimeter opp til den legendariske aldersrekorden til Bjørg Marifjæren på 5,87 som vart sett så langt tilbake som i 1975.

-Førebels har eg ikkje tenkt så mykje på den. Det får vi ta etter kvart, smiler ho lurt.

Artikkeltags