Hege og Magnus vann Postvegrittet

Hege Vagstad frå Dale IL Sykkel var raskaste kvinne over målstreken på 2:00:36.

Hege Vagstad frå Dale IL Sykkel var raskaste kvinne over målstreken på 2:00:36. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Laurdag gjekk Postvegrittet, som er rekna som Vestlandets tøffaste terrengritt, av stabelen i Dale.

Rittet er 45 kilometer langt og utøvarane syklar 760 høgdemeter i løpet av løypa.

Hege Vagstad (34) som sykla for Dale IL Sykkel vann kvinneklassen. Ho kryssa målstreken etter 2:00:46. Magnus Lia frå Hof sykkelklubb var raskast i herreklassen med tida 1:39:09.

– Det var kjekt. Eg jobba sjølv, sykla åleine frå Hovland og drog sjølv, så det kjennest fortent. I år eg er nøgd, seier Vagstad som sykla rittet for fjerde gong.

Dermed blir Erik Nordstoga frå Mosjøen CK sin rekord på 1:34:45 frå 2012 ståande. Vagstad står også for rekorden i kvinneklassen med 1:59:48 i 2012.

Vil ha meir konkurranse

Vagstad var nesten eitt minutt unna eigen rekord, men den var teken på tørt underlag. I dag var det vått og sleipt enkelte stader i løypa.

– Så denne tida er eg absolutt nøgd med. Det må vere sykkelen, hehe, for eg har ikkje trena meir i alle fall, seier ei glad Vagstad.

– Det er no du som er motoren uansett, kjem det kjapt frå ein tilhøyrar.

Berre fire kvinner stilte på startstreken i år, av totalt 58 deltakarar. Vagstad er klar på kva som må til neste år.

– Fleire damer på vere med! Vi treng hardare konkurranse.

Ferierande vinnar

Vinnaren i herreklassen sykla rittet for første gong.

– Det var moro. Eg er på sommarferie her, så eg måtte prøve meg, avslører Lia som bur i Rauland i Telemark.

– Eg har hatt ei runde i løypa no medan eg har feriert, så eg visste kor eg skulle ligge.

På spørsmål om han kjem til komme tilbake svarar Lia:

– Ja, viss eg er her på ferie så. Den som lever får sjå.

Dalande deltakartal

Rittleiar Arvid Haugen i Dale IL er nøgd med gjennomføringa som også er seedingritt til Birken.

– Det har gått veldig bra, utanom ei skade. Vi har fått mykje skryt frå deltakarar, seier Haugen.

Ein deltakar velta og har truleg brote armen, ifølgje Haugen. Han fekk hjelp av Røde Kors umiddelbart og blei køyrt til Førde av ambulanse for å ta røntgen.

Eit punkt burde vore betre, meiner Haugen. Rittet starta med 90 deltakar i 2010, så hadde dei 80, så 75 og no 58.

– Det er nok ein kombinasjon av ugunstig dato og at det er færre som syklar ritt i heile landet. Det er mange ritt å velje mellom og dalande interesse. Det var jo ein periode det var veldig populært.

Haugen håpar å snu trenden med betre marknadsføring. Blant anna trur han barnerittet, som i år drog 63 deltakarar, er med på å løfte rittet.

Resultata i Postvegrittet 2014:

K20-30

1.Hedda Øyeflaten Eidsheim, Il Dyre Vaa, 2:06:36,1,

K30-40

1.Hege Vagstad, Dale IL Sykkel, 2:00:46,3,

K40-50

1. Anne-Tove Sande, Dale IL Sykkel, 2:09:40,5,

2. Anita Skarpenes, Nordhordland Sykkelklubb, 2:33:30,3,

M20-30

1. Magnus Lia, Hof sykkelklubb, 1:39:09,1,

2. Tom-Erik Abildgaard, NTNUI Sykkel, 2:07:02,0,

3. Oddne Skrede, Jølster IL, 2:11:45,2,

4. Mats størdal, NOTEAM, 2:16:44,4,

5. Christian Dahl, NOTEAM, 2:29:28,2,

6. Andre Langedal, Caverion, 2:34:02,6,

DNF. Andreas Mikkelsen, NOTEAM, 00:00,0,

M30-40

1. Stig Savland, Førde CK, 1:47:37,8,

2. Arild Daling, Aker Solutions, 1:48:00,4,

3. Roy Båtevik, NOTEAM, 1:55:48,5,

4. Stian Rønnekleiv, Flora CK, 2:03:33,3,

5. Bjarte Nordvik, NOTEAM, 2:09:23,0,

6. Per Ivar Nedrebø, Hof sykkelklubb, 2:09:32,1,

7. Jørn Erik Kirkeeide, Stryn CK, 2:12:55,3,

8. Terje Ulltang, Dale IL Sykkel, 2:15:09,9,

9. Arne Løland, SK Rye / Team Stabilt, 2:15:49,5,

10. Kristian Stubseid, Sogn CK, 2:21:49,9,

11. Stian Vallestad Alvær, NOTEAM, 2:28:10,1,

12. Øystein Lauritsen, NOTEAM, 3:00:02,2,

M40-50

1. Stig Svalheim, Sandane SK, 1:39:11,9,

2. Geir Kristiansen, Flora CK, 1:44:13,7,

3. Jan Erik Søvig, CK Haugaland, 1:44:41,3,

4. Rune Hofslundsengen, Sykkelklubben Sykkel, 1:55:35,1,

5. Roald Sletten, Nordhordland Sykkelklubb, 1:55:39,1,

6. Torgeir Herstad, Tambarskjelvar IL, 1:56:05,4,

7. Atle Halvorsen, Flora CK, 1:56:05,9,

8. Bjarte Skår, Dale IL Sykkel, 1:57:19,1,

9. Magnus Brodén, Leksands OK, 1:59:38,0,

10. Arvid Haugen, Dale IL Sykkel, 2:00:25,2,

11. Kjetil Høgseth Felde, Dale IL Sykkel, 2:02:57,1,

12. Dag Tore Roe, Vossevangen CK, 2:03:39,2,

13. Asgeir Hasund, Marine Harvest, 2:04:00,9,

14. Stein Valvik, Dale IL Sykkel, 2:09:57,0,

15. Frank Hofslundsengen, SKS, 2:10:23,4,

16. Frank Thomsen, Bergen Cycle Clubb, 2:10:56,5,

17. Lars Elias Uksnøy, Brattvåg IL, 2:14:21,4,

18. Frode Hellebust, Dale IL Sykkel, 2:15:45,9,

19. Anders Neerland Soleim, NOTEAM, 2:24:57,4,

20. Leif Henning Solheim, Dale IL Sykkel, 2:27:19,0,

21. Arve antonisen, Dale IL Sykkel, 2:36:21,2,

22. Kenneth Rødland, Arna SK, 2:50:20,5,

23. Øyvind Stamneshagen, Arna SK, 2:50:21,4,

24. Jørn Kenneth Osland, Førde CK, 2:54:18,9,

DNS. Arild Karlsen, åoc, 00:00,0,

DNS. Ola Vikenes, Bamseklubben, 00:00,0,

M50-60

1. Dag-Arne Eide, Sandane sykkelklubb, 1:51:55,7,

2. Arne Myklebust, Sandane sykkelklubb, 2:00:38,8,

3. Jonny Pedersen, NOTEAM, 2:07:56,3,

4. Rune Abildgaard, Framo Bil/Åsane CK, 2:11:28,7,

5. Øystein Håland, Bergen Cycle Clubb, 2:14:28,4,

6. Frode Skarstein, Vest CK, 2:21:09,1,

7. Jan Paulen, Vikane IL, 2:46:35,5,

8. Audun Normann Ramsdal, Flora CK, 2:58:36,5,

DNS. Audun Hellesøy, Vest CK, 00:00,0,

M60-70

1. Thor Horntvedt, Sandane sykkelklubb, 2:16:47,1,

DNF. Stein Sørli, Savalen sk, 00:00,0,

Artikkeltags