Gå til sidens hovedinnhold

Har ikkje ny trenar klar

Artikkelen er over 7 år gammel

Men Førde er i dialog med fleire kandidatar.

- Vi har ikkje nokon ny trenar klar no, seier styreleiar i Førde Volleyballklubb, Sindre Roska til Firda.

I dag vart det kjent at klubbens suksesstrenar, Frank Kalstad, gjer seg som trenar for den nybakte seriemeisteren.

Kalstad bestemte seg etter nederlaget mot Nyborg, og forklarar valet med at han ønskjer å nytte tida på heimebane i staden.

- Du kan seie at eg gjer meg på topp, for meg handlar det om prioritering. Eg vi ha meir tid med familie og jobb, og trappar ned, seier Kalstad til NRK.

Dialog

No må altså klubben på bana og finne fatt i ein erstattar til gulltrenaren.

- Vi har dialog med ein par-tre stykker. Både interne og eksterne, seier Roska, og held fram:

- Men det er ikkje noko konkret endå, og vi ønskjer ikkje å seie noko om kvar prosessen står.

Seriegull

Førde vart som kjent seriemeister i eliteserien i volleyball i år. Men i dei andre turneringane har det ikkje vore like stor suksess.

I cupfinalen enda laget med eit surt 3-0-tap mot Nyborg, medan marginane fråtok dei plass i sluttspelet i Nordic League.

Heller ikkje i europacupen vart det ein sigersmarsj. Det finske laget Etta Oulu vart for sterke over to kampar og avanserte.

Kommentarer til denne saken