Gå til sidens hovedinnhold

Har delteke i 22 NM på rad

Artikkelen er over 9 år gammel

.. og laurdag tok Ottar Berg frå Jølster nytt NM-gull.

Laurdag arrangerte Jølster Handbakklubb NM i Førdehuset. Arrangørklubben tok ni NM-medaljar, der eitt var gull. Ottar Berg vann over klubbkamerat Jan Erik Sunde i klasse master venstre hand, 90 kg.

- Vi har aldri møtt kvarandre før i konkurranse, så det var på tide. Men eg hadde ikkje sjanse, seier Sunde.

Ni medaljar

Gullvinnar Berg var godt nøgd med meisterskapen - og norsk gull.

- Ni medaljar er veldig bra, og arrangementet elles gjekk veldig bra. Vi er godt nøgde, seier Berg, som dermed har fire NM-gull i karrieren.

Topp motstand

Sjølv har han delteke i heile 22 NM på rad.

- Det er mykje. Men i dag var eg så utruleg nær med å ta verdsmeisteren Arne Thuen frå Os. Så det blir nok fleire NM på meg, smiler han.

Lokale resultat frå utøvarane frå Jølster Handbakklubb:

Ottar Berg: 1. og 2. plass (klasse master 90 kg)

Tom Erik Berg: 2. x 2. plass (junior +80kg)

Jan Erik Sunde: 2. og 3. plass (klasse master 90 kg). 5. og 8. plass (senior 75 kg)

Arthur Haltvik: 4. plass (master) og 10. plass (senior).

Jørn Kjelsnes Frivik: 9. plass (senior 85 kg).

Øystein Flugekvam: 2 x 10. plass (senior 85 kg).

Raymond Lillemo: 2 x 6. plass (senior 105 kg).

Steffen Lillemo: 4. og 5. plass (Junior +80kg).

Erik Moen: 3. og 5. plass (junior +80 kg).

Stian Fenne: 2. og 3. plass (junior 80 kg).

Ronny Hansen: 4. og 5. plass (junior 80 kg).

Bjørnar Sandal: 5. og 4. plass (junior 80 kg).

Markus Hermansen: 2 x 6. plass (junior 80 kg).

Christer Bale Foss: 6. og 7. plass (junior +80kg).

Anders Taklo: 7. plass og 6. plass (junior +80kg).