Gå til sidens hovedinnhold

Toppklubbar legg heimekampar til Førde

Artikkelen er over 5 år gammel

Førde: Både Tertnes og Fyllingen Bergen legg heimekamp til Førdehuset.

I løpet av kommande sesong vil dei to eliteserieklubbane Tertnes (kvinner) og Fyllingen Bergen (herrar) legge to av heimekampane sine til Førde og Førdehuset.

– Dette vil bli to festhelger for handball-interesserte. For i tillegg til desse to seriekampane, vil vi lage i stand både handballskule og seminar med resurspersonar frå desse handballmiljø. Dermed håpar vi at det skal få ein brei appell, seier Odd Erik Gullaksen.

Godt med tilskodarar

Damelaget Tertnes er første klubb ut, og allereie søndag 25. september skal dei møte Rælingen i Førdehuset.

– Då vil Førde sitt 2. divisjonslag spele seriekamp rett føre Tertnes sin kamp. Vi møter då Fram i 2. divisjon, og håpar sjølvsagt at med Tertnes som hovudkamp, så vil det komme ekstra med tilskodarar. Kva med å bikke 1000 tilskodarar? Dessutan vil vi ha handballskule for dei yngre i Førdehuset laurdag, og seminar med Tertnes-trenar og landslagstrenar Tore Johannessen, seier Gullaksen og gler seg sjølvsagt veldig mykje til å sjå Kjerstin Boge Solås på si gamle heimebane.

– Kjerstin har blitt ein krumtapp i eliteserieklubben Tertnes, og er akkurat no svært sentral på det norske landslaget i junior-VM. Ho var toppscorar i ein av kampane førre dagen, og er elles svært viktig i forsvaret, seier Gullaksen om den tidlegare Dale- og Førde-spelaren.

– Det er svært mange som blir motiverte av å sjå kva Kjerstin Boge Solås har fått til på handballarenaen. Og at Tertnes og ho kjem til Førdehuset for å spele seriekamp, vil motivere veldig mange, seier Gullaksen.

Tertnes var lenge med og kjempa om medaljar i Grundigserien sist sesong, og enda til slutt opp på femteplass. Bak klubbane Larvik, Byåsen, Glassverket og Vipers Kristiansand.

Landslagsaktuelle

Men det er ikkje berre Tertnes som har vore positive til å spele ein av heimekampane sine i Førdehuset. For etter at Gullaksen kontakta Tertnes, kom han også i kontakt med leiarar for herrelaget til Fyllingen Bergen.

– På same måte som Tertnes, så responderte herrelaget FyllingenBergen også veldig positivt. Så når dessutan også trenar Vidar Gjesdal gjerne ville spele ein kamp i Førde, tok det ikkje lang tid føre handballforbundet støtta framlegget i sitt terminlisteoppsett, seier Gullaksen.

Dermed er det lagt opp til at herrelaget FyllingenBergen med aktuelle landslagsspelarar på laget kjem til Førde søndag 12. mars. I fjorårets sesong var bergensklubben nær medalje i toppserien, men vart til slutt nummer fire bak trioen ØIF Arendal, Haslum og Elverum. I kampen i Førdehuset skal dei møte Lillestrøm.

– Då legg vi opp til det same opplegget som når Tertnes er her. Det vil bli handballskule og seminar. Men dei detaljane er ikkje fastspikra endå og det kjem vil tilbake til, seier Gullaksen.

Kommentarer til denne saken