Storklubb bli degradert etter pengerot, neste år møter dei Førde

Larvik-trenar Lene Rantala og LHK flyttast ned til 1. divisjon neste sesong.

Larvik-trenar Lene Rantala og LHK flyttast ned til 1. divisjon neste sesong. Foto:

Larvik handballklubb flyttast ned til 1. divisjon etter at dei ikkje oppfyller krava til å få lisens til eliteseriespel.

DEL

Larvik Handballklubb melder på sine nettsider at Elitelisensnemnda i Norges Handballforbund meiner klubben ikkje oppfyller krava for å få lisens til eliteserien, og blir derfor flytta ned ein divisjon, samanlikna med divisjonen klubben er sportsleg kvalifisert for.

– Klubben utfyller ikkje kravet til positiv eigenkapital per 31. desember 2018, og flyttast derfor til 1. divisjon sesongen 2019/2020, og får der lisens i raud kategori, seier leder for elitelisensnemnda, Arne Modahl i ei pressemelding på forbundets nettsider.

Styreleiar i Larvik HK, Marion Eriksen Wold seier dei har vore klar over at det kunne gå den vegen, og har vore budde.

– Vi vil nå bruke all vår energi på å førebus oss og på eitt år i 1. divisjon, og klargjere laget for opprykk og derfor tek vi avgjerda med fatning, seier Eriksen Wold.

Handballforbundet opplyser at LHK kan be om ny behandling av nemnda i løpet av 14 dagar. «Dersom denne endar med same utfall, kan klubben anke til Norges Handballforbunds appellkomité».

«Dersom avgjerda framleis står etter dette, eller klubben før den tid aksepterer avgjerda, vil Larvik HK altså bli plassert i 1. divisjon neste sesong» skriv forbundet.

Larvik handballklubb skriv på sine nettsider at dei allereie har starta ein snuoperasjon for å skape berekraft i alle ledd, og der alle jobbar som et team saman med alle våre støttespelarar.

«Vi skal skape ein klubbkultur der vi har fokus på meistring, utvikling og kultur», skriv klubben.

Det betyr at om avgjerda vert ståande, skal Larvik til Førde neste år. Førde berga plassen i 1. divisjon med grei margin denne sesongen, og kan lade opp til å møte den tidlegare storklubben i Førdehuset.

Artikkeltags