Slik byrjar Førde serien

Førde-damene rykka opp frå 2. divisjon i fjor, og no er det klart kva som ventar dei i år.

Førde-damene rykka opp frå 2. divisjon i fjor, og no er det klart kva som ventar dei i år. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HANDBALL: No er Førde-damene sitt oppsett klart. Dei startar serien heime.

DEL

– Skrim 2 var eitt av dei laga vi avslutta opprykkssesongen mot, så det er litt moro at vi no skal møte førstelaget deira i den første kampen, seier sportsleg leiar i Førde handball, Odd Erik Gullaksen.

Førre sesong sikra Førde opprykket til 1. divisjon, og no er det klart kva lag som ventar den kommande sesongen, utanom Skrim inneheld divisjonen lag som Rælingen og Fana, og kampane kjem tett som hagl for Førde.

Dyrare i år

– Det er framleis ikkje alt som er heilt spikra, men vi byrjar i alle fall sesongen heime den 3. september klokka 17.00. Det var moro at vi fekk heimekamp, seier Gullaksen.

Tidlegare sesongar har Førde brukt å spele doble bortekampar når reiseavstandane har vore lange og motstanden har tillate det. Slik blir det ikkje i år, då det berre skal vere ein kamp per helg.

– Det betyr at det blir ein del dyrare for vår del. Vi reknar med at vi kjem til å bruke nokre hundre tusen ekstra på reisekostnadar i år, og at det vil bli om lag 100.000 dyrare med dommarar, seier Gullaksen.

Møter Kjerstin i Høyanger

Før den tid er det ein anna kamp som ventar for Førde sin del.

Kjerstin Boge Solås var umåteleg populær då ho kom heim til Dale etter å ha vore med Norge å ta EM-gull før jul.

Kjerstin Boge Solås var umåteleg populær då ho kom heim til Dale etter å ha vore med Norge å ta EM-gull før jul. Foto:

For i helga kjem den første treningskampen før seriestart, og då ventar god motstand. I Høyangerhallen skal dei nemleg møte Tertnes med Kjerstin Boge Solås på laget.

– Det er ein kamp som har komme i stand i høve jubileet til Høyanger. Dei fekk Tertnes opp hit, og spurte oss om vi ønska å spele. Det var klart vi ville, seier Gullaksen.

Kampen vert spelt søndag klokka 14.00, og Gullaksen fortel at det er ei perfekt trening for Førde før dei skal ta steget opp i den nest øvste divisjonen i landet. Og så legg han til at det blir spesielt å møte Fjaler-jenta Kjerstin Boge Solås igjen, EM-vinnaren var Førde-spelar før ho gjekk til Tertnes.

– Det er første gong vi skal spele mot ho sidan ho gjekk til Tertnes, så det blir moro å prøve, seier Gullaksen.

Terminliste

03.09.17 Førde - Skrim Kongsberg
10.09.17 Fjellhammer - Førde
24.09.17 Førde - Aker Topphåndball
11.10.17 Viking TIF - Førde
17.10.17 Førde - Charlottenlund SK Bredde
21.10.17 Fana - Førde
15.11.17 Gjøvik HK - Førde
19.11.17 Førde - Rælingen
03.12.17 Follo HK Damer - Førde
16.12.17 Førde - Levanger
07.01.18 Skrim Kongsberg - Førde
14.01.18 Førde - Fjellhammer
21.01.18 Aker Topphåndball - Førde
28.01.18 Førde - Grane Arendal
04.02.18 Førde - Viking TIF
10.02.18 Charlottenlund SK Bredde - Førde
24.02.18 Førde - Fana
03.03.18 Arendal - Førde
11.03.18 Førde - Gjøvik HK
14.03.18 Rælingen - Førde
08.04.18 Førde - Follo HK Damer
15.04.18 Levanger - Førde

Artikkeltags