Førde tapte mot Rælingen: – Vi vart mørbanka

TAP: Laget frå Rælingen vart for tøffe å slå for Førdes kvinnelag i 1.divisjon. Arkivfoto frå ein bortekamp i Trondheim i februar i år.

TAP: Laget frå Rælingen vart for tøffe å slå for Førdes kvinnelag i 1.divisjon. Arkivfoto frå ein bortekamp i Trondheim i februar i år. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SPORT: Førde tapte 33–18 på bortebane i 1. divisjon for kvinner onsdag kveld. Rælingen vart for tøffe å slå.

DEL

– Vi vart mørbanka. Vi sleit veldig angrepsmessig og vi vart straffa hardt for det, seier trenar Kristinn Gudmundsson om kampen, som ikkje gjekk heilt etter planen.

Laget frå Rælingen rykte ned frå eliteserien i fjor, medan Førde-laget rykte opp frå 2. til 1. divisjon same år.

– Vi skjønar at vi møtte eit lag som er betre, så tapet kom ikkje som noko sjokk. Men vi er skuffa over at vi ikkje gjorde det betre, seier trenaren.

Rælingen tok leiinga tidleg, og stillinga var 16–5 etter første omgang. Resultatet enda på 33–18 til heimelaget. Rælingen har no tredjeplassen i serien, og ligg an til å rykke opp att til eliteserien.

Konkurrenten tapte også

Førde ligg på niandeplass. I dei to kampane som står att i år, handlar det om å ikkje hamne under den plasseringa, så dei kan halde fram i 1. divisjon.

Sjølv om Førde tapte mot Rælingen, kunne dei trøyste seg med at deira argaste konkurrent i kampen om å unngå nedrykk, Grane Arendal, også tapte sin kamp.

Med det er differansen mellom dei to laga framleis to poeng. Grane Arendal ligg på nedrykksplass, medan Førde ligg førebels trygt på plassen over.

– No skal vi jobbe godt i påska og fokusere på å spele bra dei neste kampane, seier trenar Gudmundsson.

Må vinne ein av to kampar

To kampar står att av sesongen. 8. april spelar Førde på heimebane mot Follo, som ligg på ein fjerdeplass så langt i serien.

– Dei er gode, men vi har ein sjanse. Vi skal gjere alt vi kan for å slå dei på heimebana vår, seier Gudmundsson.

Om det ikkje lukkast, har Førde langt lettare motstand i neste kamp. Førde sin siste motstandar for sesongen blir nemleg Levanger. Her er nok oddsa for å sikre plassen i divisjonen langt betre, ettersom Levanger er ligaens tabelljumbo, med berre ein siger på 19 kampar.

Artikkeltags