Førde-damene banka Florø

Foto:

Av og
Artikkelen er over 2 år gammel

HANDBALL: Nabo-oppgjeret enda 22-39.

DEL

Divisjonsskilnader kjem ofte tydelegare fram i handball, og då topplaget i fylket, Førde kom til Florø for andre runde i cupen fredag kveld, vart det omlag ein divisjon som skilde dei to til slutt. 22-39 til favorittane.

Førde-trenar Kristinn Gudmundsson er nøgd med laget sitt.

– For vår del var dette ein veldig kjekk kamp. Vi var i leiinga heile tida og leia 19 – 9 til pause. Det endelege resultatet vart 39 – 22.

Kåra til Florøs beste

Dei starta som forventa med å sette det kompakte 6-0-forsvaret sitt og satsa på kontringar. Kamplanen til gjestene gjekk på skinner for Florø hadde vanskar mot den etablerte førdemuren. Men tidvis verka det som sjansane vart "for" gode.  Florø sin sisteskanse, Helene Sudmann leverte i alle høve ei lang rekke med 100 prosentredningar som gjorde at det var ein viss kontakt mellom laga i starten.

- Jo det er jo moro å gjere redningar, men eg har no plukka 37 ballar ut av nettet altså, svara Sudmann på rosen etter kampen. Ho vart kåra til Florø sin beste spelar.

– Skal vise musklar

Toppskårar for Førde var Maria Oppedal med ni mål, ogJeanette Øksenberg vart kåra til banas beste spelar.

– Det gjekk veldig bra i dag. Sjølv om kampen kan sjå lett ut på papiret, må vi ta slike kampar på alvor og gje alt. Vi skal ein vise musklar og nivåforskjell, seier Gudmundsson.

– Jentene var motiverte og då vinn vi slike kampar, legg han til.

– Kva syntest du om Florø sitt spel?

– Dei har mange unge jenter og står på. Dei har kanskje ein litt tynn stall, men har mange flinke handballspelarar.

– God motstand

Florøtrenar Lene Høsøien som helst ville hatt vekk ein del "rusk" for å vere nøgd.

- Vi skyt litt for naivt, og vi har ein del feil eg helst ville vore forutan. Det gir dei enkle rushmåla. Hadde vi tapt med åtte eller 10 mål ville eg vore nøgd. Men alt i alt er dette verdifull trening for oss. Vi får ein verdifull treningskamp mot god motstand inn føre sesongen. Det er heilt supert, seier ho.

Dette var siste kamp for Førde seriestart 3. september. Då ventar Sotra på heimebane. Og Gudmundsson meiner jentene er klare.

– Eg har ei god kjensle, men ein må vere på heile tida. Då har vi ein god sjanse i kvar einaste kamp.

Artikkeltags