Knapt eit auge var tørt då EM-vinnaren kom heim

Hylla på heimebane etter EM-gullet.

FJALER: Tårene trilla då hundrevis møtte fram i Fjalerhallen for å ta imot bygdas nye helt – og ferske EM-vinnar.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Eg skulle eigentleg berre opp her for å ha ei trening med ungar, men eg fekk nokre små hint av mamma at eg måtte førebu meg på noko meir. Ho kjenner meg og veit at eg kanskje ikkje er så flink på å ta imot skryt, så eg førebudde meg litt, men eg hadde ikkje forventa så masse som det her. Det var ekstremt fint, seier Kjerstin Boge Solås til Firda om mottakinga ho fekk i Fjalerhallen torsdag ettermiddag.

Den spontane gullfesten som Dale IL og Fjaler kommune hadde stelt i stand, var ein gullvinnar verdig. Lyset var senka, hundrevis hadde møtt opp og då Boge Solås sjølv kom ut av garderoben og inn i hallen vart ho møtt av heimelaga supportersong frå dei unge handballspelarane i Dale.

  • Sjå video av innkomsten øvst i saka.

– Vart for masse for meg

Og det var ikkje vanskeleg å sjå at 18-åringen sette pris på mottakinga.

– Det vart litt for masse for meg, men så er eg kanskje litt emosjonell då. Eg hadde absolutt ikkje forventa at «heile» Dale og dei handballaga skulle stå å synge. Det var veldig fint, strålar Boge Solås.

Kjerstin Boge Solås var tydeleg rørt då hundrevis møtte fram for å hylle ho i Fjalerhallen.

Kjerstin Boge Solås var tydeleg rørt då hundrevis møtte fram for å hylle ho i Fjalerhallen. Foto:

Uansett kor europameisteren flytta seg rundt i Fjalerhallen var det alltid med eit titals ungar på slep. For alle ville ha ein bit av bygdas nye helt.

– Har du nokon gong følt deg som ei større stjerne enn no?

He-he, nei ... Men det er veldig spesielt, for eg kjenner omtrent alle her, seier handballstjerna.

Bildeserie

Kjerstin vart hylla i Fjalerhallen

Kjerstin Boge Solås vart hylla med eigen song då ho vart hylla i Fjalerhallen.

– Så stolte at vi sprekk

Det var fleire som heldt tale til europameisteren medan ho sat til stas og skoda over alle dei frammøtte i Dale. Ei av dei som gjerne ville gratulere Boge Solås var Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang (V).

– Vi er så stolte at vi sprekk. Vi er så full av beundring av Kjerstin og heile handballmiljøet her i Fjaler. Ho er eit produkt av eit større handballmiljø og godt lag, og det viser at ein så liten plass kan skape store talent, seier den stolte ordføraren til Firda.

Ho legg til:

– Handballmiljøet her i Dale er heilt utruleg. Det er eigentleg heilt naturstridig med tanke på kor lite folk her er. Men det er fascinerande å sjå både grasrotidrett og europameisterskap visualisert med Kjerstin. Og med ho har det gått enormt raskt. Alle hadde forventa at ho skulle nå langt, men at det skulle gå så raskt var det ingen som såg føre seg, seier Berge Stang.

Kort ferie

Boge Solås sin etterlengta Sunnfjord-ferie vert ikkje veldig lang, for allereie 29. desember ventar ein ny stor oppleving for ho.

Då skal Tertnes møte vanlegvis så suverene Larvik til cupfinale i Oslo Spektrum.

– Det blir herleg å roe ned nokre dagar no, men eg reiser tilbake til Bergen 26. desember for å førebu meg til den kampen. Eg skal prøve å nyte tida eg er her no, avsluttar Boge Solås før ein drøss med ivrige autografjegerar ventar.

Artikkeltags