Kjerstin og Norge er best i Europa

Norge tok EM-gull etter 12 mål av Nora Mørk.

Norge tok EM-gull etter 12 mål av Nora Mørk. Foto:

GÖTEBORG: Norge tok EM-gull etter ein thriller av ein finale.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det vart eit tøft oppgjer for Norge i eit tilnærma heilt norsk Scandinavium i Göteborg. For festkledde, om ein kan kalle panneband med raudt, kvitt og blått, og vikinghjelmar for det, nordmenn fylte opp om lag kvar eit stolsete i den svenske heksegryta.

Men der Norge fekk det ganske enkelt mot Nederland både i bronsefinalen i OL og i semifinalen i VM i fjor, vart søndagens møte mykje tøffare. Men Norge vann til slutt 30-29.

Svinga

I den første omgangen starta Norge, med Kjerstin Boge Solås på benken, bra. Men etter ti minutt var det dei oransje som tok grep kampen. Leia av superstjerna Estevana Polman, og ei strålande målvakt i Tess Wester, var oranje på eit tidspunkt fire mål føre.

Så bestemte duoen Nora Mørk og Silje Waade seg for å ta grep. Den neste perioden vann Norge 5-0, og var igjen i føringa. Men Nederland nekta å sleppe taket og toppscorar Danick Snelder og lagvenninnene gjekk til pause med 15-15 i bagasjen.

Gjorde keeper-grep, igjen

Suksessoppskrifta frå møtet med Frankrike var ei Silje Solberg i mål som ikkje såg ut som om ho hadde tenkt å sleppe inn ei einaste scoring.

Ho lukkast ikkje like godt mot Nederland, og igjen viste Thorir Hergeirsson at han har fleire kort å spele på. Kari Aalvik Grimsbø blei sendt i elden, og ein revansjelysten trønder synte seg tilliten verdig.

For i store delar av andre omgang stengde ho buret.

Dermed kunne Norge jobbe seg opp ei luke. Og 12 minutt før fulltid var Norge fem mål føre.

Men dei temposterke nederlendarane hadde ikkje tenkt å gi seg så enkelt.

Igjen vart Tess Wester opp med ei god rekke redningar, men 12 scoringar av Nora Mørk og eit par meisterlege redningar av Grimsbø på tampen, gjorde at Norge halte i land 30-29-sigeren, og med det vart europameister.

Kjerstin Boge Solås fekk ikkje komme på bana i finalen.

Artikkeltags