Det var kanskje mange som vart overraska då Thorir Hergeirsson tok ut troppen sin til handball-EM i Sverige før jul. For der var nemleg den gong 18 år gamle Kjerstin Boge Solås.

Troppen var god som gull, noko medaljen rundt halsen på Dale-jenta som kom heim frå meisterskapen var eit bevis på.

Og feiringa gjekk naturlegvis ikkje stilt for seg då ho kom heim til Fjalerhallen.

No har Hergeirsson teke ut ein ny landslagstropp i handball, som skal til Frankrike og spele Golden League.

Les også:

Der er Kjerstin Boge Solås ein av spelarane som får fornya tillit i ein sterk norsk landslagstropp.

Samlinga er frå 16.-19. mars.

Her er heile troppen som Handballforbundet la ut:

Målvakter:
1 Kari Aalvik Grimsbø,Györi Audi ETO
12 Silje Solberg, Issy Paris

Utespelarar:
3 Emilie Hegh Arntzen, Byåsen Elite
4 Veronica Kristiansen, FC Midtjylland
7 Stine Skogrand, Silkeborg
8 Vilde Mortensen Ingstad, Team Esbjerg
9 Nora Mørk, Györi Audi ETO
10 Stine Bredal Oftedal, Issy Paris
11 Malin Aune, Oppsal IF Håndball
13 Marit Malm Frafjord, Larvik HK
19 Kjerstin Boge Solaas, Tertnes Elite
22 Amanda Kurtovic, Larvik HK
23 Camilla Herrem, HC Vardar
25 Thea Mørk, Larvik HK
26 Marta Tomac, Vipers Kristiansand