Gå til sidens hovedinnhold

– Får ikkje gå i fred på butikken heime lenger

Artikkelen er over 4 år gammel

FJALER: Før var Andrea og Kjerstin alltid ivrige tilskodarar, no må storesøstera bu seg på å heie på veslesøstera i EM.

Andrea Boge Solås kom til verda vel eit år før, men vegen til toppen i handball var det veslesøster Kjerstin Boge Solås som la bak seg raskast.

Og ho gjorde det på rekordtid. For med ein plass i europameisterskapen i Sverige er Fjaler-jenta den yngste spelaren i ein EM-tropp for Norge nokon gong, ifølge VG.

Tilbake heime i Sunnfjord sit storesøster Andrea (20) og er spent i inngangen til EM.

– Vi har alltid brukt å følge med. Det har vore tradisjon kvart år. Men dette blir første året der vi ikkje sit saman og ser meisterskapen i sofaen, seier Andrea Boge Solås til Firda.

Denne sesongen har ho teke steget opp som førstekeeper i Førde sitt lag i 2. divisjon, og er sentral i jakta på opprykk for den suverene serieleiaren.

Men i veka før siste kamp før jul, er det igjen veslesøstera som stel merksemda.

Frå sofa til sidelinje og EM-plass

Norge slo Romania i opningskampen av EM måndag, var Kjerstin Boge Solås med i kamptroppen, men fekk ikkje speletid i den jamne 23-21-sigeren.

– Det er utruleg moro at Kjerstin er kommen med. Eg er stolt over ho, seier Andrea.

– Så du er ikkje sjalu over at veslesøstera har teke det lengste steget?

– Nei, ikkje i det heile teke. Eg er berre stolt over å sjå kva ho har fått til. Så håpar eg at eg og Førde kan ta eit steg etter i løpet av denne sesongen, seier Andrea.

Og skulle det bli medaljekamp på Norge, har Andrea planar om å få kjenne spenninga på nært hald.

– Etter siste seriekamp mot Stryn, reiser eg, mamma, andre veslesøstera mi og kjærasten min til Sverige for å følge finalehelga. Så eg håpar verkeleg dei når så langt, seier 20-åringen.

– Det er ganske uverkeleg at sist følgde vi dette frå sofaen, no skal eg sjå Kjerstin spele i levande live.

Les også

Mora bestilte EM-tur før uttaket

Blir attkjend på butikken

Dei to søstrene er ganske like å sjå til, og det merkast godt i Dale og Fjaler at handballfeberen rir bygda.

For det er den store snakkisen i miljøet om dagen, anten ein er 5, 15 eller 50. Og er det eigentleg så rart? For Boge Solås er første spelaren frå fylket som er ein del av ein norsk tropp i ein handballmeisterskap, og laget er i nærleiken av å vere ein av medaljefavorittane.

Les også

Blir den første frå fylket: – Eg er i sjokk!

– Alle snakkar om det. Anten vi er i hallen og spelar handball, eller andre stadar. Når Kjerstin er der, så stoggar dei opp og seier: Er du ho spelaren?, seier Andrea med eit smil.

– Vi kan ikkje gå på butikken lenger utan at folk stoggar opp. Så det er tydeleg at folk har fått med seg kva ho er med på no.

Norge sin neste kamp er mot Kroatia onsdag kveld. Då kan Kjerstin Boge Solås få sin meisterskapsdebut på seniornivå.

Kommentarer til denne saken