Gå til sidens hovedinnhold

Knipen siger i EM-opninga

Artikkelen er over 4 år gammel

Men det var utan at Kjerstin Boge Solås fekk speletid.

Norge fekk eit tøft møte med Romania i opninga av EM i handball i Sverige måndag.

Det var to lag som tydeleg var spente for opninga av EM, og det blei ein tøff kamp mellom to nasjonar som ofte følgjer kvarandre heilt til døra.

Men til slutt var det Norge som stod att med to poeng, etter å ha vunne 23–21.

Dale-jenta Kjerstin Boge Solås svar med i kamptroppen til landslagssjef Thorir Hergeirsson, men ho blei sitjande på benken heile kampen, då Norge aldri greidde å riste av seg Romania.

Kampens store spelar var uansett ei norsk kvinne. Nora Mørk viste kvifor ho er rekna som ein av verdas beste handballspelarar.

– Det er alltid tøft med opningskampar, men vi vann. Vi er godt nøgde med to poeng slik det blei, seier Mørk til TV3 like etter kampslutt.

Også landslagssjef Hergeirsson var bra nøgd, og meiner at Norge heva seg utover i kampen.

– Det er alltid tøft mot Romania, men vi får justert oss offensivt og løftar oss, seier Hergeirsson til TV3.

Norge sitt neste hinder er mot Kroatia onsdag.

Kommentarer til denne saken