Gå til sidens hovedinnhold

- Hadde nok litt høge skuldrer

Artikkelen er over 8 år gammel

Førde tapte 3-0 mot Etta Oulo i europacupen i volleyball i Finland.

Førde volleyballklubb fekk det, som venta, tøft borte mot Etta Oulo i europacupen i volleyball.

Dei tapte til slutt kampen 3-0 etter å ha tapt setta 25-18, 25-22 og 25-21.

- Vi spelte rett og slett dårleg i første sett, men kom oss utover i kampen. Eg tykte ikkje finnane var så gode, seier Førde-trenar Fran Kalstad.

Sleit defensivt

Han såg lage slite meir med det defensive-spelet enn det offensive på bortebane i Finland.

- Vi var godt budde på det vi møtte, men fekk ikkje mottaksfasen heilt til å sitje, seier trenaren.

Han leggje ikkje skjul på at det finske laget tok ein fortent siger.

- Vi hadde nok litt høge skuldra sidan det var europacupkamp. Men vi heva oss etter første settet. Etta Oulo spelte jamnare enn oss, og vann fortent, seier Kalstad.

Må vinne

Dermed må Førde slå det finske laget på heimebane neste veke, om dei skal ha eit håp om avansement til andre runde i europacupen.

Kampen kan du følgje på denne nettsida. (Ekstern lenkje, Firda er ikkje ansvarleg for innhaldet)

Les kva Nils Numme trudde om kampen før start: - Får det tøft i Finland

Vi kjem tilbake med meir utover kvelden.