Dei to Florø-kastarane vart fylkets første gullvinnarar under Ungdomsmeisterskapen i friidrett på Byrkjelo stadion. Steinar Kleppe vann med eit lengstekast på godt over 57 meter i sleggje, medan Yngve Grøeng Havn sette norsk aldersrekord med eit lengstekast på 17,86 meter.