Skiskyttarsjef Morten Aa Djupvik trekker seg

GIR SEG: Morten Aa. Djupvik trekker seg som sjef for skiskyttarane.

GIR SEG: Morten Aa. Djupvik trekker seg som sjef for skiskyttarane. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SKISKYTING: Årsaka skal vere for stor arbeidsbelastning over tid.

DEL

NRK melder torsdag at Morten Aa. Djupvik (42) trekker seg frå si stilling i Norges Skiskyttarforbund etter tre år i jobben. Ifølgje NRK skal årsaka vere at arbeidsoppgåvene og belastning over tid har blitt større enn det han vart førespegla.

OL-planane er lagt

- Det er aldri eit godt tidspunkt å forlate eit lag i en OL-sesong, men eg har fått eit tilbod på min nye heimstad som eg ikkje kunne seie nei til, seier Djupvik i ei pressemelding.

– Som firebarnsfar med to små tvillingar er det vanskeleg å vere på topp på både heime- og bortebane til ei kvar tid. Eg forlet eit supert team som har alle føresetnadar for å levere toppresultatar denne sesongen. Vi har erfarne trenarar og eit solid støtteapparat som har jobba godt med å planlegge OL-sesongen, så min avgang vil ikkje vere kritisk for gjennomføringa av sesongen. Der er jobben alt gjort, seier han.

– Vi er i rute

Generalsekretær, Rakel Rauntun, synest det er leit at han sluttar.

- Vi har likevel stor forståing for valet hans, og respekterar ønsket hans om å bu og jobbe på same stad som familien sin. Det sportslege grunnlaget og planane for sesongen er lagt, og vi er i rute til vinterens sesong, seier generalsekretær, Rakel Rauntun.

Før Djupvik starta som skiskyttarsjef var han trenar for herrelandslaget i åra 2006 til 2011. Han har også vore treningsrådgjevar for Petter Northug.

Artikkeltags