No blir det skiskyting på han

STOLT: Odd-Bjørn Hjelmeset er tilsett i Norges skiskytterforbund frå 1. oktober.

STOLT: Odd-Bjørn Hjelmeset er tilsett i Norges skiskytterforbund frå 1. oktober. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SKISKYTING: Tilsett frå 1. oktober, men blir skiskyttersjef først etter OL.

DEL

Odd-Bjørn Hjelmeset er tilsett i Norges Skiskytterforbund frå 1. oktober. Fram til OL i 2018 skal han ha ansvar for den kommersielle satsinga til forbundet, men etter OL skal han også ha ansvaret for den sportslege satsinga. Noko som i praksis vil bety at han vil overta jobben til glopparen Morten Aa Djupvik.

Dette informerte Norges skiskytterforbund om på ein pressekonferanse i dag.

Fram mot OL skal Per Arne Botnan styre skiskytteridretten, og skal då også ha ansvaret med å lære opp Hjelmeset.

– Eg kan ikkje noko anna om skiskyting enn at vi har gjort det veldig bra i den idretten, sa Hjelmeset til NRK under pressekonferansen og la til at det var magekjensla som gjorde at det vart eit «ja".

- Av og til er det slike gode magekjensler ein skal lytte til. Eg trur dette kan bli utruleg bra, seier Hjelmeset.

Artikkeltags