Thomas Mardal og Evald Osnes Devik frå Gloppen Friidrettslag er begge kvalifiserte for EM- U23 i Polen seinare i sommar.
Fjerdeplass i internasjonalt stemne
Sleggekastarane representerte Norge under eit internasjonalt stemne i Tyskland i helga.
Mardal fekk fjerde plass med 66,64 og var berre seks cm bak seniorkrinsrekorden sin, melder Gloppen FIL i ei pressemelding.
Evald Osnes Devik sette personleg rekord med om lag 2 meter. Han kasta 64,92 med seniorslegga og sikra 5.-plass i stemnet.
Osnes Devik greidde dermed kvalifiseringskravet til U 23 EM, som går av stabelen i Bydgoszcz i Polen seinare i sommar.
Her har Mardal allereie kvalifisert.
Knuste gammal rekord og blei historiske
Ove Farsund sin seniorkrinsrekord på 64,20 frå 1980 var gjeldsand før sesongstart. Men i april greidde Mardal å forbetre den.
– Dei to unge lovande kastarane tronar dermed øvst på sleggestatistikken gjennom alle tider i Sogn og Fjordane, heiter det i pressemeldinga.
Thomas Mardal er nr. 11 gjennom alle tider i Norge, medan Evald Osnes Devik er nummer 15. Dei er begge i eldste juniorklasse.
Les også: Gloppen-kar får stort idrettsstipend , Viser musklar til gamlekarane og Nærmar seg 36 år gammal rekord
Mardal vert i år med i sitt tredje internasjonale meisterskap, dei to første i diskos, men denne gongen i slegge. For Osnes Devik er det første gong han er kvalifisert.
Men når dei to glopparane kjem til Polen under EM, kan dei vente seg tøff konkurranse: Grensa for å nå finalen både i 2013 og 2015 var på 66 meter.