No er Jon Rolf (19) tatt ut på skilandslaget

PÅ LANDSLAGET: Skamo Hope har hatt ein solid langrennssesong, med både stafettgull i junior VM i Salt Lake City og to gull i junior NM i Harstad.

PÅ LANDSLAGET: Skamo Hope har hatt ein solid langrennssesong, med både stafettgull i junior VM i Salt Lake City og to gull i junior NM i Harstad. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GLOPPEN: Jon Rolf Skamo Hope er tatt ut på juniorlandslaget.

DEL

Norges Skiforbund har tatt ut langrennsløparane som skal representere Norge på Morgendagens Helter-rekruttlandslag og juniorlandsslag for 2017/2018-sesongen.

Juniorlandslaget består av seks gutar og seks jenter, der halvparten skal gå med flagget på brystet for første gong. Jon Rolf Skamo Hope (19)  frå Hyen er ein av desse.

– Jon Rolf har vist ein imponerande læringsvilje og innsats over tid som gjer at han var eit naturleg val under arbeidet med landslaguttaket. Vi har stor tru på at han kan ta eit ytterlegare steg denne sesongen og viser seg fortent til plassen på juniorlandslaget, seier trenar Geir Endre Rogn.

Les også: Jon Rolf trudde han skulle i bursdag - blei rørt då han møtte opp

Slik ser juniorlandslaget ut:

Jon Rolf Skamo HopeHyen
Thomas Helland LarsenFossum
Vebjørn HegdalLarvik
Harald Østberg AmundsenAsker
Håvard MosebyKjelsås
Filip Fjeld AndersenGeilo
Mathilde S MyhrvoldVind
Katrine SeimHol
Lone JohansenMelhus
Martine EngebretsenHeming
Kristine Stavås SkistadKonnerud
Emma SkjoldliBulken

Artikkeltags