Håvard (15) frå Breim kan bli Årets fotballtalent

KAN VINNE: Håvard Hetle kan bli Årets fotballtalent.

KAN VINNE: Håvard Hetle kan bli Årets fotballtalent. Foto:

FOTBALL: – Veldig overraskande og kjekt, seier ungguten.

DEL

Håvard Hetle er ein av seks som kan bli kåra til Årets fotballtalent av NFF, TV2 og Equinor sitt utviklingsprogram Morgendagens heltar.

Målvakta er for tida utleigd til Stryn frå Sogndal, og går siste året på Gloppen ungdomsskule.

Han drøymer om å ein gong spele for A-landslaget. Hetle skildrar seg sjølv som ein leiartype, men han er overraska over nominasjonen.

– Det er veldig overraskande og kjekt. Det er jo ikkje så ofte ein blir nominert til slike prisar, seier Hetle i ei pressemelding.

Sponsorsjef i Morgendagens heltar, Cathrine Instebø, meiner Hetle er ein god rollemodell for å gje andre ekstra motivasjon.

Tidlegare vinnarar av prisen er mellom anna Martin Ødegaard og Mads Møller Dæhlie. I juryen sit Brede Hangeland, Jesper Mathisen og Solveig Gulbrandsen.

Årets fotballtalent blant jentene vert kåra den 16. november, medan gutane vert kåra 19. november.

Artikkeltags