Gloppen-jente til topps

June Andenæs scora to mål i finalen i Sika Cup i Tyskland då Byåsen slo Oltchim Valcea.

June Andenæs scora to mål i finalen i Sika Cup i Tyskland då Byåsen slo Oltchim Valcea. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Vann turnering i Tyskland.

DEL

June Andenæs var i helga med på det sigrande laget Byåsen, som gjekk heilt til topps i den meritterte handball-turneringa Sika Cup i Tyskland. I finalen mot Oltchim Valtea vann Byåsen 20-18, og gloppenjenta scora to av Byåsen sine mål. Lag-venninnene hennar, Ida Alstad og Tonje Nøstvold, vart kåra som beste spelar og toppscorar.

Gjekk vidare

I den innleiande gruppespelet hadde Byåsen følgjande resultat:

Byåsen-Buxtehuder 15-13

Byåsen-Dinamo Volgograd 13-10

Byåsen-Bayer Leverkusen 16-17

Byåsen-Metz 18-10

Byåsen-Hypobank 16-16

Byåsen-Oltchim Valtea 13-13

Slo Hypo

I finalespelet søndag vann June Andenæs og Byåsen først 15-10 over polske Lupin, før dei slo ut favoritten Hypobank 22-17 i semifinalen. I finalen mot Oltchim Valcea vann Byåsen 20-18

Artikkeltags