Gå til sidens hovedinnhold

– Denne modellen er frå 1977

Artikkelen er over 4 år gammel

TOUR DES FJORDS: – Vi er klare for Tour des Fjords.

I løpet av måndagskvelden kom denne sykkelen på plass på grusbana i Viksdalen. Fem vaksne personar laga sykkelen i løpet av kvelden, og initiativtakar Terje Steinar Vallestad trur den kan vere ein av dei største langs løypa i «Tour des Fjords».

– Sjølve sykkelen er omtrent 35 meter lang, og kvar einskild bokstav er fem meter høg. Så det gjekk med noko «sagrisp» før den vart ferdig, ler Vallestad då Firda kontaktar han etter å ha sett sykkelen på Facebook.

Vere synleg

– Saman med Sonja Oppedal Iversen diskuterte vi tidleg kva vi kunne finne på for å gjere oss synlege under rittet. Og då konkluderte vi med at det var naturleg å tenke seg ein sykkel på grusbana. Og med min gamle Svithun herresykkel frå 1977, hadde vi modellen. Så då var det berre å gå i gang med teikningane, seier Vallestad som i tillegg til Sonja Oppedal Iversen, også hadde med seg Hege Malene Ness, Linda Hafstad Fluge og Magne Viken på arbeidet.

– Vi storkosa oss i eit par timar medan vi gjorde jobben. Og etterpå filma Magne Viken vårt produkt med drone. Og sett frå lufta så såg den skikkeleg stilig ut. Så eg reknar med at den også vil dukke opp på TV-skjermen under rittet onsdag ettermiddag, seier Terje Steinar Vallestad.

Kommentarer til denne saken