Søndag opna Førde sitt elitelag i volleyball årets serie med å slå Randaberg, eitt at laga som er spådd i tetsjiktet, med 3-1.

Settsiffera i kampen var 26-24, 26-28, 25–18 og 25–20, og Førde-trenar Frank Kalstad fann mykje bra, men også mykje å ta tak i.

Høge skuldrer

- Vi har litt høge skuldrer i dag, og det er først når vi slappar av at spelar vi bra, seier trenaren.

På laget hadde han også to nye polske spelarar som seriedebuterte for Førde, samt "heimvendte" Torgeir Dalen, som tidlegare har spelt for Førde.

Speleklar polsk duo

Oppleggjar Blazej Kubiak og diagonalspelar Marcin Lubiejewski vart først klare fredag. Dermed kunne dei nyttast i kampen på søndag.

- Vi har hatt papira i orden ei stund, men stadfestinga på at dei var speleklare kom først på fredag, seier Kalstad.

Og med ein sesong som i tillegg til serien inneheld cupspel, Nordic League og no også Europacupspel, sistnemnde så tidleg som 20. oktober, er det viktig at desse spelarane blir varme i Førde-trøya.

Mykje rutine

- Marcin er ein solid blokk- og angrepsspelar, og har mykje rutine frå sine 18 år i polsk toppserie. Han blir viktig for oss, seier Kalstad, som også har tru på oppleggjar Kubiak.

- I dag var han litt av og på, men han blir betre. Og når samspelet og flyten blir like godt mellom han og alle spelarane våre som han i dag hadde med Lars Fredrik Tvinde, då har vi ei svært farleg angrepsrekkje, seier Kalstad.

Best på bana

Som Førde-trenaren viser til, var Tvinde ein av kampens store profilar, saman med Mathias Loftesnes og Lars Magnus Kaasa.

- Det er ikkje ofte eg delar ut man of the match-titlar, men i dag var Lars Fredrik den beste på bana, seier Kalstad.