Heldt følge heilt inn

Dette er startfeltet ut frå start, og duoen Joseph Gray (379) og Johan Bugge (319) opna knallhardt. Vi ser også Jørgen Natvig Løvseth (225) og Stian Øvergaard Aarvik (226) ligge i rygg bak duoen.

Dette er startfeltet ut frå start, og duoen Joseph Gray (379) og Johan Bugge (319) opna knallhardt. Vi ser også Jørgen Natvig Løvseth (225) og Stian Øvergaard Aarvik (226) ligge i rygg bak duoen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Sjå bildeserie alle resultata i dagens massemønstring

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Når førehandsfavorittane svikta noko, dukka amerikanske Joseph J. Gray opp under "Skåla Opp" laurdag. Romsdalingen Johan Bugge sette opp eit knallhardt tempo ut frå start, og ved passering Skålavatnet låg tetduoen føre rekordnoteringane til Ahmet Arslan. Men i det bratte partiet opp mot Flatebreen måtte først Johan Bugge slippe Gray, og deretter måtte også amerikanske Gray sjå at det vart for tøft opp mot løyperekorden. Gray har ni amerikanske titlar i motbakkeløping, og har markert seg sterkt internasjonalt den siste sesongen.

Her kan du sjølve sjekke alle resultata.

Jamn duell

Men Gray heldt Bugge bak seg innover mot Skålatårnet og kunne juble for sin første siger i "Skåla Opp". Tida til 31-åringen vart 1,09.01, og han opplevde til si store overrasking at Stian Angermund-Vik frå Bergen berre var 13 sekund bak. Den ferske europameistaren Johan Bugge vart nummer tre, og var nesten to minutt bak Gray.

Bildeserie

Sjå kven som gjekk på Skåla

Skåla Opp 2015

Tøft i kvinneklassa

I kvinneklassa utkrystalisert det seg raskt ein duo i Antonella Confortolla frå Italia og Laura Orgue frå Spania. Den spanske fjorårsvinnaren makta ikkje følge Confortolla på slutten, og dermed vart det italiensk siger på tida 1,23,19, godt over minuttet føre Orgue. Veteran og løyperekordhaldar Anita Håkenstad Evertsen vart nummer tre.

Artikkeltags