– Hald deg til høgre

SLIK: Når arrangøren av «Skåla Opp» forventar meir enn 2000 personar til topps på Skåla (i bakgrunnen) på laurdag, så ber dei alle deltakarane halde til høgre i stien. – Viss alle er flinke til det, så vil trafikken flyte betre. Og det blir mindre irritasjon. Og det gjeld både oppover og nedover stien, seier Erik Brendefur.

SLIK: Når arrangøren av «Skåla Opp» forventar meir enn 2000 personar til topps på Skåla (i bakgrunnen) på laurdag, så ber dei alle deltakarane halde til høgre i stien. – Viss alle er flinke til det, så vil trafikken flyte betre. Og det blir mindre irritasjon. Og det gjeld både oppover og nedover stien, seier Erik Brendefur. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Rekordpåmelding skapar utfordringar for «Skåla Opp» på laurdag.

DEL

Arrangøren håpar på over 2000 deltakarar i «Skåla Opp» på laurdag. No går dei ut og ber alle halde seg til høgre i stien.

deltakarar er flinke til å halde til høgre, så går trafikken smidigare, seier løpsleiar for «Skåla Opp», Erik Brendefur. Og han snakkar ikkje om biltrafikken i Loen på denne store turdagen.

– He, he. Nei, vi snakkar om trafikken på stien opp og ned til Skålatårnet. Stien er i utgangspunktet laga med plass til ein person. Men på slike store dagar som under «Skåla Opp», så må ein vere budd på at deltakarane er smidige. Så viss alle tek omsyn til dei som kjem oppover ved å halde til høgre i stien, så vil dette flyte betre, seier Erik Brendefur.

Hald høgre

Han viser til arrangøren vil plassere ut fleire skilt for å minne folk på at dette er viktig for at det ikkje skal bli skapt unødig irritasjon.

– Spesielt er utfordringa stor når alle dei beste har komme i mål, og fleire hundre skal nedover stien. Då vil dei møte på ein jamn trafikk av deltakarar som brukar lang tid til toppen. Då ber vi folk som er på retur om å hoppe ut av stien, og la dei som er på veg oppover ha forkøyrsretten, seier han og trur skiltinga blir respektert.

– Alle bør ha interesse av at dette skal fungere. Og med litt større snømengder i fjellet enn vanleg, så vil det sikkert også hjelpe på situasjonen ein del. For mange vil då garantert følge snøfonnene nedover frå Flatebreen og nesten til Skålavatnet. Noko som også gjer returen langt enklare, og som betyr at dei som er på veg opp ikkje vert hindra, seier han.

Ny rekord

Vêrmeldinga fram til laurdag ser bra ut, og Skåla Opp-sjefen trur difor det skal vere mogleg å sette deltakarrekord.

– Rekorden frå i fjor er på 1935 totalt som fullførte løpet på toppen. Dette var fordelt på 785 konkurranseløparar og 1150 mosjonistar. I år har vi allereie påmeldt 1550 deltakarar fem dagar føre løpet. Så eg er forsiktig optimist med tanke på at vi for første gang kan passere 2000 på toppen av Skåla på laurdag, seier Brendefur.

Artikkeltags