Endeleg ein norsk vinnar

Stian Angermund-Vik vart vinnaren av årets Skåla opp. Han kom først opp til vatnet på like over 40 minutt.

Stian Angermund-Vik vart vinnaren av årets Skåla opp. Han kom først opp til vatnet på like over 40 minutt. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Sjå alle resultata frå «Skåla Opp 2016»

DEL

Sidan motbakkekongen Jon Tvedt herja for innpå 10 år sidan, har utenlendingane dominert toppen av resultatlistene i motbakkeløp. Men laurdag kunne endeleg Stian Angermund-Vik frå Bergen hente førstepremien i «Skåla Opp».

Merk deg namnet Stian Angermund-Vik først som sist. For to månadar sidan vart han dobbelt verdsmeister i motbakkeløp. Og i dag vann han herreklassa i «Skåla Opp». Føre løparar som David Schneider, Anthony Douglas og Francis Wangari.

– Rekordhaldaren Ahmet Arslan fekk ikkje visum ut frå Tyrkia, og Jonathan Wyatt måtte ut i eit anna oppdrag. Dermed skal vel eg vere favoritt, men ein veit jo aldri når løypa er litt kortare og flatare enn vanleg, seier Angermund-Vik til Firda føre start i Loen.

Kortversjon

For med store snømengder på toppen dei siste dagane, vedtok juryen for Norges mest populære motbakkeløp, at målgangen skulle flyttast ned til 1150 meters høgde.

– Dette er eit fornuftig og riktig val. For oss løparar betyr vêret mindre, men for mosjonistane ville det vere ein utriveleg tur, seier Angermund-Vik som tok teten rett ut frå start.

Sjekk heile resultatlista her.

– Eg er usikker på fleire i feltet, og vil prøve å sette standarden med ein gong, seier austlendingen som bur i Bergen.

632 stilte til start i konkurranseklassen. 1300 deltok totalt i Skåla opp i 2016.

632 stilte til start i konkurranseklassen. 1300 deltok totalt i Skåla opp i 2016. Foto:

– No satsar eg ganske mykje på motbakkeløp, og har 60 prosent stilling på jobb. Og det er kjekt å sjå at det har gitt såpass resultat allereie. Eg trur nok det ville ha vore hardt å nærme meg rekordtida på 1,07.06 til Skålatårnet, men trur nok eg skulle ha klart ned på 1,08. Og då er eg på det nivået som Jon Tvedt hadde. Så vi får sjå neste år, seier Angermund-Vik som får det norske flagget mot toppen av resultatlistene internasjonalt igjen.

– 19-åringen Stian Øvergaard Aarvik er også ein vi kjem til å høyre meir om, seier Skålavinnaren 2016. I dag vart Gneistløparen totalt nummer tre, litt over minuttet bak vinnaren.

I herreklassen vart Sindre Hoff nummer ni, medan den utflytta sogningen Øyvind Heiberg Sundby vart nummer sju.

Ole Martin Erdal, Eli Anne Dvergsdal og Sindre Hoff.

Ole Martin Erdal, Eli Anne Dvergsdal og Sindre Hoff. Foto:

Trippel på topp

I kvinneklassa vart det trippelt utanlandsk. Amerikanske Annie Bersagel som stiller for osloklubben Tjalve, vann føre Laura Orgue m (Spania) og Antonella Confortola Wyatt (Italia). Her vart ein småskadd Eli Anne Dvergsdal nummer fem, 3 ½ minutt bak vinnaren.

Trass i skodde og pøsande regnvêr stilte litt over 1300 deltakarar i årets Skåla Opp. Dette var fordelt på 632 løparar i konkurranseklassene, medan resterande var mosjonistar.

– Dette er vi strålande nøgd med under desse vertilhøva vi har hatt den siste veka. På det meste har vi hatt 1935 deltakarar, men då var det strålande sol og varmt, seier Erik Brendefur etter det 15 motbakkeløpet «Skåla Opp».

Artikkeltags