Gå til sidens hovedinnhold

Gulløp og pers under NM

Artikkelen er over 4 år gammel

Vincent Sondre Førde, Gloppen, vann fredag ettermiddag 3000 m hinder i klasse U20 menn under årets junior-NM på Brandbu.

Talentet frå Svelgen fekk den gode tida 9.20,31, noko som også er personleg rekord med to tidelar frå tidlegare i sommar.

På andreplass kom Ola Martin Gåsvær, Ranheim, med 9.23,28 medan bronsemedaljen gjekk til Fredrik Sandvik, Askim, med tida 9.24,43.

To Gloppen-gull første dag

Gull vart det også til lagkamerat Thomas Mardal, som var heilt suveren i diskos U20. Han hadde tre kast over 55 meter og vann med 55,85 i sistekastet. Nærmast kom Torkel Bjørbæk, Bodø, med 47,78 og Mikael Andelic, Sarpsborg, med 45,45.

I sistekastet fekk også Lisa Selsvik, Gloppen, opp sitt beste kast. 41,46 meter heldt til sjetteplass i slegge U20.

Kommentarer til denne saken