Gå til sidens hovedinnhold

Gull til Marius Vedvik

Artikkelen er over 4 år gammel

FRIIDRETT: Fleire pallplasseringar fredag kveld.

Førdianaren sprang inn til gull på 5000 meter under NM på Askøy fredag kveld. Tida var 14.19.63.

Firda har ikkje fått tak i gullvinnaren, men trenar Jørund Årdal forklarer løpet:

– Marius var smart i dag. Han låg bak og kom i mål med ein kanonspurt. Tidlegare har han drege løpet og blitt forbigått. I dag var det omvendt. Det var ein ny og smartare Marius, om eg kan få seie det. Svært smart, seier Årdal om Vedvik som sprang inn til sitt første NM gull.

Også Merete Helgheim tok gull. Ho sette ny krinsrekord for Sogn og Fjordane med tida 13.39.81.

Rota med teknikken

Trude Raad kasta slegga 63,28 meter og tok bronse i kveldens konkurranse. Slegga til Marte Rygg Årdal landa på 52,93 meter, noko som var godt nok til 6. plass.

– Eg synest eigentleg det var litt stong ut i dag, seier Raad. Ho kasta langt, men synest sjølv at teknikken ikkje sat.

– Det er kjedeleg. Eg har vore stabil på trening med lenger kast, og i dag gjekk eg for pers. Kroppen var fin, men teknisk rota eg litt, seier Raad, som litt motvillig seier seg nøgd med bronse.

Ho skal også delta i diskos, men det er ifølge Raad mest for moro skuld.

Sølv til Kjerpeset

Medan vi pratar med Jørund Årdal spring Øyvind Strømmen Kjerpeset inn til sølv på 400 meter hekk. Tida var 52.63.

Les også

OL- draumen er knust

– Det var eit svakt sprunge for han, men han berga sølvmedaljen med ein eller to hundredelar. Det var det beste han kunne få i dag, seier Årdal.

Kommentarer til denne saken